Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Målvett for sentrale statsorgan

målvett-vignett

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Teksten oppsummerer dei viktigaste reglane
 i lov om målbruk offentleg teneste
og forskriftene til lova.

1 Dersom det ikkje høver med den same namneforma på bokmål og nynorsk, skal namnet på eit statsorgan ha ei bokmålsform og ei nynorskform. (f § 4)

2 Skjema skal liggje føre og vere tilgjengelege i begge målformer. (l § 8,4)

3 Private rettssubjekt, dvs. alle andre enn offentlege instansar, skal ha svar på den målforma som er nytta i det innkomne skrivet. Private rettssubjekt kan krevje ei viss målform i alle løyve, faste formular o.l. som direkte gjeld dei sjølve. (l § 6,1)

4 Rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. skal veksle mellom målformene slik at ingen av dei to målformene er representert med mindre enn 25 pst. Dette gjeld også for brosjyrar og redaksjonelt stoff i blad, tidsskrift og bøker. (l § 8,1, f § 6,1)

5 Tilfang med særleg tilknyting til eit geografisk avgrensa område skal vere i fleirtalsmålforma for området. Tilfang med særleg tilknyting til ein kommune skal vere i den målforma kommunen har gjort vedtak om å krevje. (l § 8,1 og 8,3)

6 Ved utsending av parallellutgåver av informasjonstilfang skal målvedtaka i kommunane som hovudregel leggjast til grunn. (f § 6,2)

7 Sentrale statsorgan er språkleg nøytrale og står fritt i val av målform i skriv til andre sentrale statsorgan. (f § 5,3)

8 I skriv til eit regionalt statsorgan skal tenestemålet til det regionale statsorganet nyttast. I skriv til lokale statsorgan skal tenestemålet til det lokale statsorganet nyttast. (f § 5,3)

9 Tilsette i embete eller tenestepost i staten der skriftleg utforming er del av tenesta, pliktar å nytte bokmål og nynorsk etter dei reglane som til kvar tid gjeld for målbruk i statstenesta. (l § 4,1)

10 Kvart statsorgan har ansvaret for at dei tilsette innan rimeleg tid får nødvendig opplæring i bokmål og nynorsk. (f § 1,3)

11 Kvart statsorgan har plikt til å syte for at reglane om målbruk i offentleg teneste blir følgde. (f § 1,2)

Tilvisingar: l = lov om målbruk i offentleg teneste
f = forskrift om målbruk i offentleg teneste
Døme: (l § 8,1) = lov om målbruk
i offentleg teneste § 8 første ledd

 

Utviklet av Gazette