Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Målbruk 1997–2000 (1)

RAPPORT OM MÅLBRUK I OFFENTLEG TENESTE 1997–2000 FRÅ NORSK SPRÅKRÅD

1 Innleiing

Norsk språkråd har frå og med 1994 ansvar for rettleiing og tilsyn i samband med lov om målbruk i offentleg teneste når det gjeld statsorgan under departementsnivå. Oppgåvene vart overførte til Språkrådet ved brev frå Kulturdepartementet 20.12.1993.  Språkrådet sitt arbeid omfattar m.a.:

  • munnleg og skriftleg informasjon om målbruksreglane
  • praktiske råd om korleis måljamstillingsarbeidet bør leggjast opp i dei enkelte statsorgana
  • svar på spørsmål om regelverket
  • innhenting og samanstilling av opplysningar om den faktiske målbruken i statsorgan frå direktoratsnivå og nedover
  • oppfølging av brot på mållova

Ved sida av innhenting av årlege målbruksrapportar og tilbakemeldingar på rapportane har arbeidet i perioden 1997–2000 særleg omfatta hjelp med å etablere rutinar (interne reglar) for veksling mellom bokmål og nynorsk i dei sentrale statsorgana, informasjon om målbruksreglane gjennom ymse trykksaker, rådgjeving og svar på spørsmål på telefon eller e-post, og tiltak for å stimulere fleire til å ta kurs i nynorsk forvaltningsspråk. Språkrådet har vidare hjelpt til med å finne fram til språkkonsulentar.

Hjelpemiddel som har vore utvikla i perioden 1997–2000, er m.a. ein ”målvettplakat” med ei kortfatta oppsummering av dei viktigaste målbruksreglane, og ein kombinert faldar/innlegg til tidsplanleggjar med reglar, praktiske råd, eksempel og oversyn over hjelpemiddel. Det har også vore spreidd informasjon om målbruksreglane til regionale og lokale statsorgan, mellom anna gjennom rundskriv og målvettplakatar for desse organa.

I 2000 vart det gjennomført ei kartlegging av nynorskkompetansen i statsorgana, og frå og med 2001 blir det delt ut ein ”målvettpris” til statsorgan som har gjort ein særleg god innsats for å følgje opp målbruksreglane.

Statsorgan som ikkje oppfyller krava, får beskjed om innan ein bestemt frist å etablere betre rutinar for veksling mellom målformene og får råd om korleis det kan gjerast. Ved grove brot på målbruksreglane har ein del av sakene vorte sende over til Kulturdepartementet, slik at Kulturdepartementet kan ta sakene opp med det aktuelle fagdepartementet og be departementet instruere statsorganet om å gjennomføre dei tiltaka som trengst.

Dei årlege målbruksrapportane gjeld tilfang som kjem inn under § 8 første ledd første og andre punktum, dvs. ”rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l.” Rapportane skil mellom tilfang på 1–10 sider og tilfang på over 10 sider. I tilfang på 1–10 sider blir talet på einingar rekna (pressemeldingar, lysingar, rundskriv, brosjyrar osb.), i tilfang på over 10 sider reknar ein sidetal i publikasjonane. Nettsider er skilde ut som eigen kategori. Rapporteringa omfattar også skjema, som kjem inn under § 8 fjerde ledd i lova.

Sidan 1997 har rapportskjemaa blitt sende ut ved byrjinga av rapportåret. Skjemaa er todelte – ein del til intern bruk som styringsinstrument for statsorganet gjennom rapportåret, den andre delen er sjølve rapportskjemaet, som skal sendast Norsk språkråd seinast 31. januar etter rapportåret. Skjemaa har sidan 1997 vore tilgjengelege både på papir og som elektroniske rekneark.

Det er i perioden 1997–2000 sendt ut 27 rundskriv til sentrale statsorgan i samband med mållova (medrekna utsending av rapportskjema og påminning om rapportfristen). I tillegg har det kvart år vore gjeve individuell tilbakemelding på målbruksrapportane til kvart einskilt statsorgan. Vidare har det vore sendt om lag 10–12 rundskriv til regionale og lokale statsorgan.

2 Utviklingstendensar 1994–2000

Arbeidsoppgåver i samband med mållova vart overførte til Norsk språkråd i brev frå Kulturdepartementet 20.12.1993. Arbeidet i Språkrådet tok til hausten 1994.

I 1994 var det 5 av 101 statsorgan som hadde 25 % nynorsk eller meir i kategorien ”mindre

tekstar”, 6 statsorgan hadde 25 % nynorsk eller meir i kategorien ”større tekstar”. Tala auka til respektive 20 og 12 i 1995. I 2000 var det 39 av 144 statsorgan som oppfylte dette kravet når det galdt tilfang på 1–10 sider, og 25 statsorgan når det galdt tilfang på over 10 sider.

I 1994 hadde statsorgana gjennomsnittleg 10 % nynorsk i kategorien ”mindre tekstar” og 7  % nynorsk i kategorien ”større tekstar”. Prosenttala auka til respektive 9 og 15 i 1995. I 2000 var det i gjennomsnitt 22 % nynorsk i tilfang på 1–10 sider og 14 % nynorsk i tilfang på over 10 sider. Prosenttala er rekna på grunnlag av talet på respondentar.


Statsorgan med 25 % nynorsk eller meir – absolutte tal 1994–2000


Gjennomsnittleg prosent nynorsk 1994–2000

3 Målbruken i perioden 1997–2000

3.1 Rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l.

Tal statsorgan med 25 % nynorsk eller meir

 

i tilfang på 1–10 sider og tilfang på over 10 sider

 

År

1–10 sider

Over 10 sider

Respondentar

Tal organ

1997

28

17

113

197

1998

31

15

104

222

1999

41

23

136

217

2000

39

25

144

223

I 1997 leverte 113 statsorgan rapport, i 1998 var talet 104, og i 1999 og 2000 var det respektive 136 og 144 statsorgan som leverte rapport om målbruken.

I 1997 var det 27 statsorgan som hadde 25 % nynorsk eller meir i tilfang på 1–10 sider. 17 statsorgan hadde 25 % nynorsk eller meir i tilfang på over 10 sider. I gjennomsnitt hadde statsorgana 27 % nynorsk i tilfang på 1–10 sider og 12 % nynorsk i tilfang på over 10 sider.

I 1998 hadde 31 statsorgan 25 % nynorsk eller meir i tilfang på 1–10 sider, og i 1999 hadde talet stige til 41. Når det gjeld tilfang på over 10 sider, var det i 1998 15 statsorgan som hadde 25 % eller meir nynorsk, for 1999 hadde talet auka til 23.

I 2000 var det 39 statsorgan som hadde 25 % nynorsk eller meir i tilfang på 1–10 sider. Når det gjeld tilfang på over 10 sider, hadde 25 statsorgan 25 % nynorsk eller meir. Gjennomsnittleg prosent nynorsk var 22 i tilfang på 1–10 sider og 14 i tilfang på over 10 sider.

Utviklinga frå 1997 til 2000 viser såleis ein viss framgang når det gjeld talet på statsorgan som oppfyller kravet om at ingen av dei to målformene skal vere representert med mindre enn 25 % i ”rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l.” Det er likevel svært mange statsorgan som bryt målbruksreglane, og ein god del av desse statsorgana har gjort lite eller ingenting for å oppfylle dei krava som lova og forskriftene til lova stiller.


Statsorgan med over 25 % nynorsk – absolutte tal


Gjennomsnittleg prosent nynorsk

 

 

1–10 sider

Over 10 sider

 

Institu-sjonar

Svar

 

%

nyn.

Over 25 %

%

nyn.

Over 25 %

AAD

7

5

24,5

2

1,6

0

BFD

9

7

17,4

1

1,2

0

FD

35

7

0,0

0

0,0

0

FID

3

3

37,7

3

11,3

0

FIN

7

5

24,1

1

8,2

0

JD

13

12

23,0

4

3,0

1

KRD

10

9

33,8

3

13,1

1

KD

21

20

22,2

8

14,5

5

KUF

65

37

22,5

8

19,1

11

LD

12

9

26,4

2

17,8

3

MD

7

6

15,5

2

0,0

0

NHD

9

5

23,7

2

42,6

2

OED

2

1

62,3

1

12,4

0

SD

7

5

6,3

0

1,2

0

SHD

15

12

14,9

2

10,4

2

UD

1

1

0,0

 

0,0

 

Sum

223

144

22,4

39

13,5

25

Statsorgan ordna etter departement. Gjennomsnittleg nynorskprosent 2000, tal statsorgan med 25 % nynorsk eller meir.

3.2 Nettsider

Dei siste åra har det vore lagt særskild vekt på å auke nynorskprosenten i nettsider.

Internett spelar ei stadig viktigare rolle i informasjonsformidling, og publisering på nettet er både billig og raskt i høve til publisering på papir. Dermed er det også på kort tid lettare å rette opp veikskapar i målfordelinga.

For rapportåret 2000 var det 83 statsorgan som oppgav nettsider i rapportane. 19 av desse, dvs. 23 %, hadde meir enn 25 % nynorsk i nettsidene.

 

 

Rapportar

Over 25 %

AAD

3

2

BFD

2

1

FD

0

0

FID

2

0

FIN

0

0

JD

5

3

KRD

7

1

KD

14

5

KUF

26

5

LD

6

1

MD

3

0

OED/NHD

6

1

SD

3

0

SHD

5

0

UD

1

0

Sum

83

19

Statsorgan ordna etter departement. Organ som rapporterte nettsider i 2000, og organ som hadde meir enn 25 % nynorsk i nettsidene.

3.3 Skjema

Skjema skal etter § 6 liggje føre og vere tilgjengelege på begge målformer. I 2000 vart det rapportert til saman 2481 skjema. 1355 låg føre på begge målformer. 1190 fanst berre på bokmål, 136 fanst berre på nynorsk.

Nokre statsorgan bryt reglane grovt. Politiets datateneste rapporterte såleis 864 skjema i 2000, av desse fanst 685 berre på bokmål. Statens næringsmiddeltilsyn rapporterte 74 skjema, alle fanst berre på bokmål. Statens landbruksforvaltning rapporterte 40 skjema, av desse fanst 36 berre på bokmål.

Skjema – grove brot på målsbruksreglane i 2000

Institusjon

Berre bm.

Berre nyn.

Begge

Skattedirektoratet

41

 

179

Politiets datateneste

685

 

179

Statens landbruksforvaltning

36

 

4

Statens næringsmiddelkontroll

74

 

 

Høgskolen i Ålesund

12

 

 

Høgskolen i Bergen

18

 

 

Høgskolen i Lillehammer

8

 

10

Høgskolen i Narvik

10

 

5

Høgskolen i Nesna

8

2

 

Høgskolen i Vestfold

18

2

1

Høgskolen i Volda

1

35

9

Høgskolen i Østfold

alle

 

 

Noregs handelshøgskole

6

 

 

NTNU

22

 

20

Direktoratet for naturforvaltning

10

2

8

Den nye, førehandsutfylte sjølvmeldinga frå Skattedirektoratet manglar rubrikk for avkryssing dersom ein ønskjer sjølvmeldinga på den andre målforma.

3.4 Saker som er vidaresende til Kulturdepartementet

Nokre statsorgan har brote mållova grovt, har late vere å levere rapport om målbruken eller har ikkje følgt opp pålegg om å etablere rutinar som sikrar at målbruksreglane blir følgde. Norsk språkråd har i tida 1999–2000 sendt ein del slike saker over til Kulturdepartementet og har bedd Kulturdepartementet ta sakene opp med det aktuelle fagdepartementet slik at fagdepartementet kan instruere statsorganet om å følgje målbruksreglane. Sakene gjeld desse statsorgana:

Forbrukarrådet

Garantiinstituttet for eksportkreditt

Høgskolen i Akershus

Høgskolen i Bodø

Høgskolen i Finnmark

Høgskolen i Gjøvik

Høgskolen i Harstad

Høgskolen i Lillehammer

Høgskolen i Molde

Høgskolen i Narvik

Høgskulen i Sogn og Fjordane

Høgskolen i Sør-Trøndelag

Høgskolen i Vestfold

Høgskolen i Østfold

Høgskolen i Ålesund

Kompetansesenter for likestilling

Kyrkjerådet

Del 2 | Del 3 | Del 4 | Del 5 | Del 6 |

Utviklet av Gazette