Den nordiske språkdeklarasjonen
Bakgrunnen for den første deklarasjonen om nordisk språkpolitikk er behovet for ein ny nordisk språkpolitikk som skal tryggje heilskapen og samanhengen i Nordisk ministerråds språksatsingar.
Den nordiske språkkonvensjonen
Ein nordisk statsborgar skal, når det trengst, kunna bruka morsmålet sitt i kontakt med styresmakter i eit anna nordisk land. Denne retten er slått fast i den nordiske språkkonvensjonen frå 1987. Ein ny nordisk språkkonvensjon blir no laga (2009).