Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Alfabet, tapeworm, sauikål

EIN FUTHARK ER EIT ALFABET

Alfabetet vårt har uropphavet sitt i eit semittisk alfabet. Kvar bokstav i det hadde eit namn, og dei vart kjende i Europa i gresk målbunad. Dei to fyrste heitte alfa og beta på gresk, og av dei kjem ordet alfabet.

Futhark er namnet på runealfabetet. Namnet er laga av lydverdet til dei seks fyrste bokstavane i runerekkja. Skarpsynte lesarar ser at det er sju, ikkje seks, bokstavar i futhark. Grunnen er at ein av lydane er attgjeven med to av våre bokstavteikn - th. Lyden vart uttala som th i engelsk think.

 

TAPEWORM

Tapeworm må vera ein eller annan orm, for engelsk worm tyder 'orm'. Skjer me bort worm, sit me att med ein fyrstelekk tape. Tape, som dei før i tida kalla limband, nyttar mange dagleg.

Tyder så tapeworm 'limbandorm'? Nei, for tape i kassettar har ikkje lim. Tydinga er såleis berre 'band'.

Tape + worm er altså lik band + orm, men bandorm finst ikkje. Men av band kjem bendel 'tynt band', og bendelorm veit me kva er. Tapeworm tyder altså 'bendelorm'. Tyskarane seier Bandwurm.

 

SAUIKÅL

Hovedingrediensene i fårikål er fårekjøtt og kål. Fårekjøtt er det samme som sauekjøtt, likevel fins ikke ordet sauikål.

De fleste sammensetningene med får- som førsteledd har med mat å gjøre: fårebog, -frikassé, -kotelett, -pølse, -ragu, -ribbe, -stek. Et spesielt tilfelle er fåreklær, som ikke har noen parallell saueklær.

Det usammensatte får, er lite brukt, det er sau det heter: sauefjøs - ikke fårefjøs, sauebukk ikke fårebukk.

 

EN EKSPANSIV BØYNINGSENDELSE

På norrønt var følgende de viktigste endelsene i genitiv entall av sterke substantiver:

-s: arms av armr, lands av land, hests av hestr

-ar: kvernar av kvern, saudar av saudr

Av dem har bare -s overlevd, for -ar fins ikke som genitivsendelse i moderne norsk. Denne utviklingen er ikke særnorsk, for akkurat det samme har skjedd i engelsk.

Utviklet av Gazette