Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Stader og plassar, fleirtal, a-endingar, nagl og negl

MANGE STADER SEIER DEI MANGE PLASSAR

Det norrøne hankjønnsordet stadr har utvikla seg til moderne norsk stad, som berre finst i nynorsk. Bokmål har sted, eit inkjekjønnsord frå dansk.

På båe måla kan det heita eit stelle, som kjem frå tysk, kan henda gjennom svensk.

Mange stader, til dømes langs kysten, seier dei plass for stad. Ordet kjem frå latin via tysk. Det vanlige engelske ordet er place, men det som svarar til vårt ord stad har dei i instead of 'i staden for'.

 

FLEIRTALSENDINGAR I STERKE SUBSTANTIV

Linne substantiv endar på trykklett -e: granne, lefse, belte. Dei andre, som er sterke, har (inkjekjønn ikkje teke med) desse endingane i fleirtal:

Norrønt: dag-ar   gest-ir    bøk-r
Nynorsk: dag-ar   gjest-er   bøk-er
Bokmål:  dag-er   gjest-er   bøk-er
Svensk:  dag-ar   gäst-er    böck-er
Dansk:   dag-e    gæst-er    bøg-er      

Norrønt har altså tre ulike fleirtals- endingar (-ar,-ir,-r), nynorsk og svensk to (-ar, -er), dansk også to (-e, -er) bokmål berre éin (-er).

 

SOMME A-ENDINGAR I MUNNLEG NORSK

A som ending finst til dømes i:
1 bunden form eintal av sterke hokjønnsord sola
2 bunden form eintal av linne hokjønnsord visa
3 bunden form fleirtal av sterke inkjekjønnsord husa
4 preteritum og perfektum av verbtypen kasta
5 bunden form fleirtal av sterke hankjønnsord gutta
6 ubunden form eintal av linne hokjønnsord ei visa
7 dativ eintal i sterke hankjønns- og inkjekjønnsord husa garda

 

NAGL OG NEGL

Det som på nynorsk heiter nagl, heiter negl på bokmål. Orda tyder det same og liknar mykje på kvarandre, så det må vera eit språkleg samband mellom dei.

Negler er fleirtal for båe orda. Norrønt hadde nagl i eintal og negl i fleirtal. Fleirtalsformer utan ending i hankjønnsord var uvanleg i norrønt, og difor kravde språksystemet at negl fekk ei ending: -er. Negler liknar mykje på snegler (bm.), som har snegl i eintal, og etter eit slikt mønster fekk bokmålet eintalsforma negl. Nynorskforma nagl er altså opphavleg.

Utviklet av Gazette