Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Fra bokmål til nynorsk

Ordval

Synonym (som t.d. byrja og begynna) finn me i alle språk. Ofte kan ein velja fritt mellom synonym, men stil og samanheng styrer mykje. I nynorsk står valet mange gonger mellom eit tradisjonelt nynorskord og eit alternativ som er kome inn frå bokmål dei siste tiåra. Enno er det visse grenser for kva ein bør velja utan omsyn til resten av teksten. Statstenesta er nok ikkje staden for den friaste eksperimenteringa med valfridom.

I valet mellom synonym gjeld det å ikkje styra for «mekanisk» – det er ikkje sikkert at eit synonym er ideelt i alle samanhengar berre fordi det står i ordboka. Det er heller ikkje nok å bruka dei formelt sett rette orda – ordlegginga og setningsbygningen må vera god. Her er ein aldri heilt fristilt frå tradisjonen. Difor er det nok altfor optimistisk om nokon skulle tru at ein kan læra å skriva god nynorsk utan å lesa store mengder god nynorsk sakprosa (og gjerne skjønnlitteratur). Om ein kunne hoppa over dét, ville nynorsken ha vore eit skriftspråk utan sidestykke på kloten.

Mesteparten av oppslagsorda i denne lista er henta frå tekster skrivne i statstenesta på bokmål. Nynorsksynonyma er oppførde med tanke på bruk i tilsvarande tekster.

Når ein nyttar lista, bør ein heile tida prøva seg fram etter dei råd og vink som er gjevne i artikkelen om ordlegging, og sjå om dei kan gje betre løysingar. Dei bokmålsnære alternativa er ofte sette til slutt i oppramsingane når alternativa (eller omskriving) gjev meir idiomatisk nynorsk – desse orda kan brukast, men bruk dei ikkje i utrengsmål om du ikkje vil bryta med nynorsk stiltradisjon.

Lista nemner ikkje alle dei valfrie alternativa i konservativ eller reformert lei, men peikar mot hovudstraumen i nynorsk sakprosa. Døme på lengre frasar er tekne med der dei venteleg vil vera mest til hjelp.

Dei orda som er relevante i flest tilfelle, er oftast sette fyrst i synonymoppramsinga. Semikolon indikerer tydingsskilnad; det er ikkje skilt mellom nyansar og større skilje.

 

Frå bokmål til nynorsk

A B D E F G H I J K L M N O P R S T U V Y Æ Ø Å 

A
 

adgang tilgang, tilgjenge; høve, rett, lov (til) // a- forbudt ikkje tilgjenge

adkomst tilkomst, veg; rett, heimel

adkomstdokument heimelsdokument

advarsel åtvaring

aktelse vørdnad

aktpågivenhet aktsemd

aktsom aktsam

aktsomhet aktsemd // vise a- vere aktsam, passe på

alkoholholdig alkoholhaldig, med alkohol i

allmennheten folk (flest), ålmenta, publikum

alminnelig allmenn, vanleg, alminneleg

alminnelighet alminnelegheit // i (sin) a- til vanleg / jamt over

anbefale rå til, tilrå

anbefaling tilråding

anbud anbod

andel del, part

anerkjent akta, godkjend, påskjøna, verdsett, anerkjend

anerkjenne godkjenna, påskjøna, verdsetja, anerkjenna

anerkjennelse godkjenning, påskjøning, verdsetjing, anerkjenning

anførselstegn hermeteikn

angi (t.d. i tabell) føra opp, merkja av, syna, visa

angivelse avmerking, oppføring, opplysning // selvangivelse sjølvmelding

angå gjelda, vedkoma

anklage klaga, skulda

anklagede den skulda

ankomst framkomst, innkomst

anledning høve, tilfelle

anmelde melda (til politiet), melda ei bok

anmeldelse (politi)melding, (bok)melding

anmerkning merknad

anmode be, oppmoda

anmodning oppmoding, førespurnad

anmodningsvedtak oppmodingsvedtak

annerledes annleis

ansatt tilsett

anselig heller stor, monaleg

ansette tilsetja

ansettelse tilsetjing

anskaffe skaffa, kjøpa (inn)

anskaffelse (inn)kjøp, nyskaffing, (overomgrep:) anskaffing

anslag overslag, tal

anslagsvis rundt rekna, om lag

anslå rekna til, setja til, talfesta

ansvarlig ansvarleg

ansvarlighet ansvarlegheit; ansvarskjensle; vere ansvarleg, ta ansvar

ansvarlighetslov ansvarlegheitslov

anta gå ut frå, leggja til grunn, rekna med; godta

antakelig truleg, venteleg

antakelse meining, tru; godtaking

antall tal (på), mengd, kor mange

antatt (t.d. kostnad) pårekna

antyde nemna, ymta om

antydning snev, teikn, varsel, ymt

anvende bruka, nytta

anvendelig brukande, hendig, nyttig

anvendelighet bruksverdi, (bruks)nytte, å vera nyttig (osv.) // Produktene er kjent for sin anvendelighet og solide utførelse for å vere solid laga og lette å bruka // miste sin anvendelighet bli ubrukeleg

anvendelse bruk; bruksmåte // kommer til a- skal gjelde / skal brukast

anvendt (t.d. forsking) bruks-, bruksretta, anvend

arbeidsledig arbeidslaus

arbeidsledighet arbeidsløyse

arbeidsmarked arbeidsmarknad (ein)

arbeidssøker arbeidssøkjar

arbeidstillatelse arbeidsløyve

atferd åtferd

avbrudd avbrot

avgjørelse avgjerd, avgjersle // (I lovspråk kan avgjerd tyda 'dom', 'orskurd' (bm. kjennelse) og 'vedtak' (bm. beslutning)

avhenge (av) vera avhengig (av), stå på, stå og falla med

avhengighet binding, hang, tilknyting, avhengigheit, å vere avhengig av

avhold fråhald

avlegge a- en visitt vitje, stikke innom, besøkje

avsatt avsett

avsetning (av pengar) avsetning (det som er avsett)

avsetting avsetjing (det å setja av)

avsette (t.d. pengar) setja av

avsindig vitlaus

avskrivning avskriving

avskygning nyanse, islett, svip

avspeile spegla (av)

avstedkomme gjera, føra med seg, vera årsak til

avstemning røysing

avstå avhenda, avstå, fråfalla, gje frå seg

avståelse avkall, avståing, fråfall, opppgjeving

avta falla, minka

avveie vega (mot kvarandre), vurdera

avveiing avveging, veging … mot, vurdering

avverge hindre, motverke, stogge

[Til toppen]

 

B

barmhjertig miskunnsam

bearbeide arbeida (med, på), leggja til rette; tilverka (noko); påverka (nokon)

beboer bebuar, dei som bur i …; innbyggjar, -buar

bebreide lasta, klandra, bebreida

bebygge byggja (på, ut)

bebyggelse busetnad, bygningar, bygningsmasse, hus

bedervet skjemd, bederva

bedrøvelig trist, sørgjeleg, bedrøveleg

bedømme dømma (om), verdsetja, vurdera

bedømmelse omdømming, verdsetjing, vurdering

befaling påbod, ordre, befaling

befaring synfaring

befolkning folk, folkesetnad, innbyggjarar, befolkning

beføyelse fullmakt, kompetanse, mandat

begavet evnerik, gåverik

begeistret oppglødd

begivenhet hending, storhending

begjær trå, gir, lyst, begjær

begravelse gravferd

begrep omgrep, (ofte:) ord, tanke

begrense avgrensa

begrunne grunngje

begrunnelse grunngjeving

begynnelse byrjing, fyrstning

begå gjera

behag hugnad, glede, velvære

beherske meistre

beholde halda på, ta vare på, behalda

beholdning kassesum, kontantar, (kontant-)behaldning

bekjempe motarbeida, motverka, setja i verk tiltak mot, kjempa mot, stri mot, yta motstand mot

bekjempelse (av) strid (mot), tiltak (mot), innsats (mot), kamp (mot)

bekostning kostnad

bekrefte stadfesta, bekrefta

belaste belasta, pressa, tyngja // b- konto trekkja frå / skuldskriva / belasta konto

belastning påkjenning, trykk, press, belastning; skuldskriving

beliggenhet plassering, stad(val) // ha fin b- liggja fint til

belyse gjera greie for, kasta lys over, klårgjera

belønne løna, påskjøna

belønning løn, påskjøning

belønningsordning påskjøningsordning

beløp sum, beløp

beløpe seg til koma på, kosta

bemanning arbeidsstokk, bemanning, mannskap

beregne rekna ut, rekna seg fram til

beregning reknestykke, utrekning

berettiget rettkomen, velgrunna; med rett til, som har rett til

berøre ha (få) følgjer for, gjelda, koma inn på, vedkoma; koma nær, ta på

berørt som det gjeld/vedkjem, part, aktuell

besette (om stilling:) tilsetja (nokon) i

besitte eiga, ha

besittelse eige, eigedom

beskatte skattleggja; utnytta

beskatning skattlegging; utnytting

beskrive forklara, greia ut om, omtala, skildra, beskriva

beskrivelse forklaring, omtale, utgreiing, skildring, beskriving

beskytte verna, beskytta

beskyttelse vern

beslutte avgjera, vedta

beslutning avgjerd, (jur.:) vedtak, (i forvaltningsrett:) (enskild)vedtak, (enkelt-)

besparelse innsparing

bestand populasjon, setnad, stamme, bestand; førekomst

bestemmelse (i regelverk:) føresegn, regel; (allment: avgjerd)

bestilling tinging, bestilling

bestillingsfullmakt tingingsfullmakt (bestillings-)

bestå av ha, innehalda, vera samansett (av), bestå av

betegnelse nemning

betinge føresetja, krevja // b- seg setja som vilkår

betingelse vilkår

betinget på vilkår, vilkårsbunden

-betinget -avhengig, -valda

betjene (eit lån:) svara for, betala; (ein maskin:) arbeida med, bruka, operera, styra

betrakte sjå på, vurdera

betraktning syn, synsmåte, tanke // ta i b- ta omsyn til; kome i b- koma på tale / bli vurdert / bli aktuell

betryggende forsvarleg, sikker, trygg

bety ha å seia, innebera; tyda

betydelig monaleg, stor, viktig, ikkje liten

betydning følgje, tyding, vekt, verdi, verknad; (språkleg, symbolsk:) tyding // ha stor b- vera viktig / ha mykje å seia

bevege flytta (på), lea, røra

bevegelse rørsle

beveggrunn grunn, motiv, tildriv, årsak

bevilge løyva

bevilgning løyving

bevilling (= tillatelse) løyve

bevisst medviten

bevissthet medvit

bidra gjera sitt (til), hjelpa, medverka, yta, bidra

bifalle godkjenna, samtykkja (i), slutta seg til

bifalles bli vedteke(n)

bilag vedlegg

bilde bilete

bilde-/billed- bilet-

billighetserstatning rettferdsvederlag

bistand assistanse, hjelp, medverknad, støtte, bistand

bistå hjelpa, stø(tta)

blottstille avsløra, utlevera

bo bu

bobehandling bubehandling

bobestyrer bustyrar

bolig bustad

borger borgar

bosetning busetnad

bosette busetja

bosetting busetjing (det å busetja)

bosted bustad

bostedsløs heimlaus, huslaus

bostøtte bustønad, bustøtte

bredbånd breiband

bredde breidd

brudd brot

bud bod

budskap bodskap (ein)

bunn botn

byfogd byfut

byttbar bytande, som kan bytast

bytte (verb) byta (byter–bytte–bytt)

bytte (subst.) byte; (om jakt el. tjuveri:) bytte

bærekraftighet berekraft

båndleggelse bandlegging

[Til toppen]

D

dekke dekkja (dekkjer–dekte–dekt)

delaktig med på, medansvarleg, medskuldig

delaktighet medansvar, medskuld, medverknad, å vera med i/på

delta delta, vera med i (på)

deltakelse deltaking

dog likevel

dristighet djervskap

drøy dryg

dyktighet dugleik

dyrebar kjær; dyrverdig, kostesam

dødelighet dødsprosent, dødstal, dødelegheit // redusert d- (òg:) at færre døyr

dølgsmål i d- i løynd

døye tole

[Til toppen]

 

E

edruelighet edruskap

egenandel eigendel

egenartet særmerkt

egenerklæring eigenfråsegn

egenmelding eigenmelding

egenskap eigenskap

egne (seg) høva, duga, eigna seg

egnet høveleg, brukande, dugeleg, skikka, eigna

egnethet ønskjeleg(e) eigenskap(ar), å vera skikka for

egnethetsvurdering dugleiks-/bruksvurdering, eigenskapsvurdering

eie eiga (eig–åtte–ått) // eid av i eiga til / som tilhøyrer

eiendel eigedel, eignelut

eiendom eigedom

eier eigar

eierandel eigardel

eierskap eigarskap (ein)

eksempelvis til dømes

ektefelle ektefelle, ektemake

eldes eldast (eldest–eldest–eldst)

elendighet elende

ellers elles

enebolig einebustad

enfoldighet einfald

engangsstønad eingongsstønad

enhet (forvaltningse-:) eining, avdeling; (totalitet:) einskap

enhetlig einskapleg

Enhetsregisteret Einingsregisteret

enhetsskole einskapsskule

enig samd, einig

enighet semje

enhver alle, kvar, kvar og ein // til e- tid heile tida / når som helst / til kvar tid

enkel einfelt, enkel (t.d. ei einfelt/enkel sak)

enkelt einskild, enkelt (t.d. kvar einskild/enkelt post)

enslig einsleg

ensomhet einsemd

enstemmig samrøystes

entledige gje avskil

erfare få vita, oppleva, røyna

erfaring oppleving, røynsle

erindre minnast

erkjentlighet påskjøning, takk

erkjentlighetsgave påskjøningsgåve

erkjentlighetsgjeld æresgjeld

erstatning skadebot, vederlag, erstatning

erstatte koma (setja) i staden for; gje vederlag for

erverv arbeid, yrke, erverv

erverve eigna til seg, få råderett over, kjøpa (inn), skaffa (seg), ta over

ervervet (t.d. e- lidelse) pådregen, påførd, tileigna

ervervsevne arbeidsevne, inntektsevne

ervervstillatelse overtakingsløyve

etterlatt attlevande, etterlaten

etterlattepensjon attlevandepensjon, etterlatnepensjon

etterprøve etterprøva

etterprøvbar som kan etterprøvast

etterkomme retta seg etter, lyda

etterskudd etterskot

etterspørsel etterspurnad, etterspørsel

[Til toppen]

 

F

faglighet fagkunne

fatte fatta; f- beslutning ( vedtak) ta (avgjerd), gjera (vedtak)

fellesbetegnelse fellesnemning

ferdighet dugleik, (tillærd) evne, tame, ferdigheit

finne sted bera til, bli halden, henda, skje

flom flaum

fogd fut

foranstaltning åtgjerd

forbedre betra, forbetra

forbehold atterhald

forbeholde halda (setja) av (til, for), reservera, øyremerkja

forbeholden atterhaldsam, atterhalden, reservert, varsam

forbeholdt bortlova, borttinga, oppteken, reservert, øyremerkt

forberede førebu // f- seg: (føre)bu seg

forberedelse førebuing

forbigående førebels, kortvarig, mellombels

forbindelse samband

forbrytelse brotsverk

forbryter brotsmann, forbrytar

fordel føremon(n)

fordre krevja

fordring krav, tilgodehav(ande)

fordringsløshet kravløyse

forebygge førebyggja

forebyggelse førebygging

foregå gå føre seg

foregående føregåande, førre

forekomme bera til, henda, skje, vera

forekomst funn, førekomst

foreligge finnast, liggja føre, vera

foreløpig førebels

forene sameina, foreina

forespørsel førespurnad

foreta gjera, utføra

foretak føretak

foretrekke føretrekkja, heller vilja (ha), velja

foretrukket føretrekt, (stundom: betre, best)

forhenværende tidlegare

forhold sak, tilhøve, (det forhold at:) det at

forholde seg ha seg, høva, hanga saman, stilla seg

forholdsmessig (adv.:) etter måten; (adj.:) høveleg, relativ, samhøvande

forholdsmessighet samhøve

forholdsmessighetsprinsipp samhøveprinsipp

forholdsvis etter måten, nokså, relativt

forhøye auka, setja opp

forhøyelse auke, auking, oppgang

forhøyet auka, større

forhånd på f- på førehand / i førevegen / føreåt

forhånds- førehands-

forhåpning von

forløp gang (t.d. arbeids-, hendings-, pasient-), å gå (på ein viss måte), utvikling

fornybar som kan fornyast / nyast opp att / vinnast att, fornyeleg

fornye fornya, nya opp att

fornyelse fornying, oppattnying

fornøyd nøgd

forplikte binda, forplikta

forpliktelse skyldnad, plikt, forplikting

forpliktet skyldig (til), pliktig, forplikta

forrige førre

forseelse misferd, misfaring

forsendelse sending

forsikring trygding, forsikring; lovnad

forsiktig varsam

forsiktighet varsemd

forsinkelse (for)seinking

forskjell skilnad

forskjellig ulik, ymse

forskning gransking, forsking

forskudd forskot

forskuttere betala el. løyva på forskot, forskotera; (overført:) ta på forskot

forskyvning forskuving, forskyving

forstyrre skipla, uroa, forstyrra

forstyrrelse skipling, uroing, forstyrring

forståelse forståing // i f- med i samråd med // ha f- for (òg:) skjøna // allmennhetens f- av saken korleis folk flest tolkar (forstår, ser på) saka

forsvarlighet drøfte f-en av drøfta om det er forsvarleg å

forsørge syta for, sørgja for, forsørgja

forsørger forsytar, forsørgjar

fortegnelse liste, oppgåve

fortrinnsrett førerett

fortrolig i trumål, fortruleg // f- med kjend (van) med

fortrolighet tillit, fortrulegskap, fortrulegheit; (god) kjennskap // i f- i trumål / gjensidig f- tillit mellom

fortrinn fordel, føremon, (for-) førerang (-rett)

fortrinnsrett førerett (for-, fyrste-/første-)

fortrinnsvis helst, særleg

fortsatt enno, framleis

fortsette halda fram

fortsettelse framhald

fortløpende etter kvart, jamleg, samanhangande, ubroten

forurense ureina

forurensning (for)ureining // Statens forurensningstilsyn Statens forureiningstilsyn

forutgående føregåande // f- kunngjøring kunngjering på førehand

forutsatt (at) dersom, så framt

forutsette byggja på, føresetja, gå ut frå, krevja, leggja til grunn

forutsetning føresetnad, grunnlag, krav, vilkår

forutsi føreseia, seia på førehand, spå, varsla

forutsigbar føreseieleg, pårekneleg, venta(nde), som ein kan venta seg (rekna med, tenkja seg til)

forutsigbarhet føreseielegheit // økt f- i driften (òg:) meir føreseieleg(e vilkår for) drift

forvente rekna med, sjå fram til, venta

forventet pårekna, venta

forventning venta resultat (utvikling), von

forverre gjera verre

forverres bli verre, versna

forverret verre, dårlegare, ringare

forværelse forkontor

for øvrig dessutan, elles

forårsake føra til, gjera, valda, vera årsak (opphav) til

fradrag frådrag

framkomme koma fram

fratrukket fråtrekt, med frådrag av (for)

fravær fråvær(e)

fremdeles enno, framleis

fremkommelig framkomeleg, framkjøm

fremkommelighet framkjømd, framkomelegheit; samband // fylkesveiene i kommunen har for dårlig framkommelighet er for dårlege / Det er få separerte sykkelfelt, og generelt dårlig framkommelighet for syklister og generelt vanskeleg å koma fram for syklistar

fremragende framifrå

fremmed framand

fremmedfiendtlig framandfiendsleg

fremmedfiendtlighet framandhat, framandfiendslegheit

frihet fridom, fritak

frivillig friviljug (-villig)

frivillighet friviljug (-villig) innsats, friviljugskap, frivilligheit,

frivillighetsformål friviljug (-villig) føremål

fullbyrdelse fullføring

følbar merkande

følelsesløs kjenslelaus, nomen

følsom kjenslevar, var, følsam; (neg.:) ømtolig; (om instrument:) fin(t)merkande, var, følsam

følsomhet varleik // rentef- rentefølsemd // ha stor f- for svingninger vera svært var (utsett) for svingingar, bli lett påverka av svingingar

[Til toppen]

 

G

gave gåve

gemen tarveleg, simpel

gevinst vinst, gevinst

gjenboer tverrbuar, motbuar

gjenbosette busetja på nytt

gjenbosetting gjenbusetjing

gjenbruk attbruk, ombruk, gjenbruk

gjenforene føra saman att, sameina på nytt, foreina på nytt

gjenforening gjensameining, gjenforeining, (òg:) heim(att)vending

gjenforent foreint på nytt, sameint på nytt // bli gjenforent med familien (òg:) få koma (flytta, venda) heim att til familien

gjengi gje att

gjengivelse attgjeving

gjeninnta ta inn att

gjenkjenne kjenna att

gjenkjennelse attkjenning

gjensidig gjensidig, innbyrdes, skiftevis // gjøre en g- avtale avtala seg imellom // (merk: ofte overflødig:) gi hverandre gjensidig støtte stø kvarandre, hjelpast åt

gjensidighet gjensidigheit; (ofte:) motytingar, gjensidig hjelp // Samarbeidet skal preges av gjensidighet i alle ledd. Det handler om gjensidig respekt. I alt samarbeidet skal partane vera jamlikar. Det handlar om å respektera kvarandre.

gjenspeile spegla (av)

gjenstand gjenstand, ting // være g- for koma ut for / møta / oppleva osv. // være g- for drøftinger bli drøfta

gjenstå stå (vera) att

gjenta ta opp att

gjenvalg attval

gjenvinne vinna att (tilbake)

gjenvinning attvinning, gjenvinning

gjenværende attverande, som er (står) att

godtgjørelse godtgjersle

grunnet på grunn av

grunnløs grunnlaus

[Til toppen]

 

H

Hans Majestet Kongen Hans Majestet Kongen

Hennes Majestet Dronningen Hennar Majestet Dronninga

Hans Kongelige Høyhet Kronprisen Den Høgvørde Kronprinsen

Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsessen Den Høgvørde Kronprinsessa

hastighet fart, hastigheit

havn hamn

havne hamna

hedersbevisning heidersteikn

heftelse hefte

helbred helse(tilstand)

helbrede lækja

helhet heilskap // i sin h- fullt ut / uavkorta

helhetlig heilskapleg, heilskaps-

helligbrøde helgebrot, heilagbrot

hemmelighet løyndom

henblikk med henblikk på med sikte (tanke) på

hengiven inderleg glad i, trugen

henhold i h- til i samsvar med av, i medhald av, med heimel i

henholdsvis høvesvis, i same rekkjefølgje // det skal bygges to blokker i henholdsvis sju og ni etasjer det skal byggjast to blokker, ei med sju og ei med ni etasjar

henlegge leggja bort

henrettelse avretting

hensikt føremål, mål, siktemål

hensiktsmessig føremålstenleg, god, tenleg

hensiktsmessighet praktiske omsyn, nytteomsyn, føremoner, føremålstenlegheit // vurdere h-en av (òg:) vurdera om det svarar seg (om det har noko for seg, om ein bør)

henstille be om, oppmoda om

henstilling oppmoding, bøn

hensyn omsyn

hensynsfull omsynsfull, omtenksam

henvende (seg) venda (seg), ta kontakt

henvendelse førespurnad, kontakt; (meir spesifikt:) brev, spørsmål, søknad

henvise (til) visa (til)

henvisning tilvising

herav av dette (denne, desse)

herunder irekna, medrekna, av dette (denne, desse)

hjemle heimla

hjemmel heimel

hjemstavn heimstad

holdbar som held (seg), haldbar

holdbarhet sanningsverdi, sanningsinnhald; brukstid, lagringsevne, slitestyrke, haldbarheit

holdbarhetsdato bruksfrist (-dato), er best før, kan brukast til

hoved- hovud-

hovedsakelig hovudsakleg, mest

husholdning hushald

hvor H- går vi? kvar/kor; de stedene h- … der det året h- … da; h- mye kor

hvorav av dette (denne, desse)

høflighet høfleg framferd, høflegheit

høy høg

Høyesterett Høgsterett

høykommissær høgkommissær

håndgripeligheter slagsmål

håndheve handheva

håndterbar handterleg

håndtere handtera

[Til toppen]

 

I

ikrafttredelse ikraftsetjing // ved i-n av avtalen (òg:) når avtalen tek til å gjelda

imidlertid likevel, men

innbrudd innbrot

innbefattet medrekna

innbygger innbyggjar

innebære innebera, tyda // det i-r at … (òg:) det gjer at / det vil seia at

innflytelse innverknad, påverknad

inngå i- avtale gjera, skriva avtale // i avtale om at avtala at // i- ekteskap gifta seg

innlede innleia (innleier–innleidde–innleidd)

innledning innleiing

innrømme vedgå, innrømme // i- noen noe la nokon få noko, gje nokon noko

innsatt innsett

innsigelse motsegn; motlegg, innvending

innvilge gje, la få, stetta, tildela, innvilga

ivareta ta hand om, ta seg av, ta vare på

ivaretakelse ivaretaking

iverksatt iverksett

iverksette setja i verk

iverksettelse iverksetjing

[Til toppen]

 

J

jevn jamn

jevngammel jamgammal (utan -n-)

jevnlig jamleg (utan -n-)

jevnt jamt (utan -n-)

[Til toppen]

 

K

kilde kjelde

kirke kyrkje

Kirkenes verdensråd Kyrkjeverdsrådet

kjedsomhet keisemd

kjennelse orskurd

klageadgang klagerett

klagemulighet høve til å klaga

klar klår/klar (det er valfritt å skilja mellom dei to tydingane ved hjelp av a og å, sjå klargjøre) 

klargjøre klargjera eller 1) klårgjera (= gjera klårare) 2) klargjera (gjera klar til bruk)

klarhet klårleik/klarleik

kjemikalier (flt.) kjemikal, kjemikalium

knapphet på lite (av), liten tilgang på, skort (knappheit, knappleik, mangel) på

knytte knyta (knyter–knytte–knytt)

konkursbegjæring krav om konkurs

kostnadsberegne kostnadsrekna

kostnadssenkende kostnadsminskande

kraftanstrengelse krafttak,

krets krins

kun berre, einast

kyndig kunnig

kyndighet dugleik, (fag)kunne, innsikt, kunnskap

[Til toppen]

 

L

langsiktig langsiktig

langsiktighet langsiktigheit // mer l- i planleggingen meir langsiktig planlegging

lav (adj.:) låg

lede leia (leier–leidde–leidd)

ledelse leiing

leder leiar

ledighet arbeidsløyse

ledsager (reise)følgje, følgjeperson

lege lækjar, lege

legemiddel lækjemiddel, legemiddel

leie (t.d. ein bil) leiga

leilighet 1) husvære, (i streng tyding:) leilegheit 2) høve, tilføre // ha l- til ha høve til / kunna // ved l- når høvet byr seg, når det høver

lettelse lette (ein)

lidelse liding, plage, sjukdom

likegyldig likesæl

likegyldighet likesæle

likhet likskap // i l- med til liks med

lovanvendelse lovbruk

lovbestemmelse lovføresegn

lovbestemt fastsett med lov, lovbestemd, lovpålagd

lovgivning lovgjeving

lovlig lovleg

lovlighet å vera lovleg, lovlegheit // prøve l-en av prøve lovgrunnlaget (lovheimelen, rettsgrunnlaget, -heimelen) for

lovlighetskontroll lovlegheitskontroll

lovlydig lovlydig

lovlydighet lovlydnad

lovmessig lovbunden

lydig lydig

lydighet lydnad

lydighetsplikt lydeplikt

læremiddel læremiddel (flt. middel–midla)

lærested lærestad

løft lyft

lønnet l- arbeid lønt arbeid, lønsarbeid

lønnsom lønsam

lønnsomhet lønsemd

løpe (fysisk:) springa, laupa, (overført ofte:) gjelde frå, gå

løpende etter kvart, fast, samanhangande, ståande, laupande (løp-)

løpetid frist, nedbetalingstid, laupetid (løpe-)

løslatelse lauslating, (ofte:) å setja fri

løsning løysing

løsøre lausøyre

[Til toppen]

 

M

mangfold mangfald

marked marknad (ein)

markedsadgang marknadstilgang

medbestemmelsesrett medråderett

meddele melde, kunngjera, gje melding, seia

meddelelse kunngjering, melding

medføre føra med seg, føra til, medføra

medlidenhet medkjensle, medynk

medlidenhetsdrap medynksdrap

medvirkning medverknad, medverking

mellomværende hopehav, mellomvære

men (subst.:) mein

menerstatning skadebot for mein

menighet kyrkjelyd, forsamling

menighetsråd sokneråd

menneskerettighetene menneskerettane

mer meir

merke (leggja merke til:) merka (merkar–merka–merka); (setja merke på:) merkja (merkjer–merkte–merkt)

meroffentlighet meiroffentlegheit

merverdiavgift meirverdiavgift

mestre meistra

mestring meistring

middel- medel-, mellom-, middel-

midler, midlene (flt.) (pengar:) midlar, midlane; (reiskapar:) middel, midla

midlertidig mellombels

Midtøsten Midtausten

milepæl milestolpe, milepåle

misforståelse mistyding, misforståing

misligholde mis(leg)halda

mislighold(else) mis(leg)hald

motsatt motsett

motta få, ta imot

mottakelse mottaking

mulig mog(e)leg

mulighet høve, råd, utveg, mog(e)legheit (muleg-) // by på store m-er vera svært lovande // det er m- for (òg:) det kan henda at / det kan bli

muntlig munnleg

muntlighet munnleg framføring, munnleg saksførehaving, munnlegheit

myndighet styresmakt, makt (instans òg:) etat, organ, (kompetanse òg:) avgjerdsmakt, avgjerdsrett, mynde

myndighetsområde ansvarsområde (forvalt(n)ings-, fullmakts-, styrings-)

målbevisst målmedviten, som veit kva ein vil

målsetting (mål ein har sett seg:) mål; (det å setja seg mål:) målsetjing

[Til toppen]

 

N

navn namn

nedkomst fødsel, nedkomst

nedsette setja ned

nedsettelse nedsetjing

nedtegne skriva ned

nyankommet nykomen

nyanskaffelse nyinnkjøp

nyhet (i media:) nyhende, nyheit; (noko nytt:) nylaging, nyvinning, nyheit

nytelse nyting

nytelsesmididel nytingsmiddel

nyttiggjøre seg gjera seg nytte av

nærmere nærare

nærmest nærast

nøkkel nykel/nøkkel

[Til toppen]

 

O

offentlig offentleg

offentlighet offentlegheit

offentlighetslov offentleg(heits)lov [forma utan heit bryt med tradisjonell ordlagingsskikk]

ombud ombod

omforent avtala, felles, som det er semje om

omgivelse omgjevnad

omstendighet omstende, tilhøve // ikke under noen o-er ikkje i noko fall (tilfelle), aldri, på ingen måte

oppad oppetter; er begrenset o- har eit tak, har ei øvre grense

oppgjør oppgjer

opphold opphald

oppholde seg halda til, vera

oppholdstillatelse opphaldsløyve

opphør nedlegging, opphøyr, stans

opphøre bli nedlagd, gje seg, slutta, opphøyra

oppmerksom klår (over), lydhøyr, lyttande, merksam; høvisk, omsynsfull // være o- på vera merksam på / vita om / kjenna til / vera klar over (medviten om, merksam på) // bli o- på bli merksam på / bli var / leggja merke til

oppmerksomhet merksemd, ans, akt, gaum

opprettholdbar som kan haldast ved lag

opprettholde halda ved lag, føra vidare, ta vare på

opprinnelse opphav

opprinnelig opphavleg

oppsigelse oppseiing

oppveie vega opp (for), få (ta) att for

overbevise overtyde

overbevisning overtyding

overdragelse avhending, overdraging

overenskomst avtale, semje, forlik, overeinskomst

overfor andsynes, overfor

oversette omsetja, setja om

oversettelse omsetjing

oversetter omsetjar

overskride gå ut over, kryssa, overskrida, vera større enn

overskridelse kryssing, overskriding

overskridelsestillatelse overskridingsløyve

overveie tenkja gjennom

overveiende for det meste, stort sett

overvære vera til stades ved/på

overvåke overvaka

overvåking overvaking

[Til toppen]

 

P

personlighet personlegdom

prisnedsettelse prisnedslag

provisorisk anordning provisorisk lov

pådra p- seg dra på seg, få, pådra seg; p- utgifter påføra

pågå vera i gang

påløpe (om utgifter:) koma til (på), samla seg opp

påløpte (utgifter:) oppsamla, påkomne

påregnelig pårekneleg, (stundom:) venteleg

påregnelighet påreknelegheit

pårørende dei/den pårørande, dei næraste

påse sjå til, syta for

påseplikt sjå her

påtalemyndighet påtalemakt

på vegne av på vegner av

[Til toppen]

 

R

rammebetingelse rammevilkår

redegjøre r- for gjera greie for, greia ut om

redegjørelse utgreiing, framstilling, forklaring

redelig skila, reieleg, heiderleg

rederi reiarlag

redskap reiskap (ein)

regelverksbetinget regelverksbunden

regne (opp) rekna (opp)

regning rekning

regnskap rekneskap (ein)

regnskapsmessig i r-samanheng, rekneskaps-

rettferdighet rettferd

rettferdighetsbetraktning rettferdssynsmåte // ut fra en r- med omsyn til rettferd

rettighet rett

rettighetshaver rettshavar

rettlede rettleia (leier–leidde–leidd)

rettledning rettleiing

rettmessig lovleg, rettkomen, rettmessig

rettssikkerhet rettstrygd, rettstryggleik

rettsvesen rettsstell

rimelig rimeleg

rimelighet rimeleg framferd, rimelegheit // r- tilsier at det er rimelig at

rådighet råderett, rådvald, rådvelde

[Til toppen]

 

S

sakkyndig sakkunnig

sakkyndighet sakkunne, sakkunnskap

saksbehandler saksarbeidar, saksbehandlar, sakshandsamar

saksbehandlling saksarbeid, saksbehandling, sakshandsaming, saksførehaving

salg sal

samboer sambuar

samfunnsmessig i samfunnssamanheng, samfunns-, i (for) samfunnet

sammenliknbar som kan jamførast, samanliknbar

sammenlikning jamføring, samanlikna

sammensatt samansett

samt og, og dertil, og dessutan

samtlige alle

samtykke (subst.:) samtykke

samtykke (verb) samtykkja (samtykkjer–samtykte–samtykt)

samvittighet samvit

sannhet sanning

sannsynlig sannsynleg

sannsynlighet sannsyn, (negativt òg:) fare, risiko // det er liten s- for det er lite truleg (sannsynleg) at

seddel setel

sedelighet moral, sømd, tukt

sedelighetsdømt utuktsdømd

selge selja

selvangivelse sjølvmelding

selvbestemmelsesrett sjølvråderett

selvbetjening sjølvforsyning, sjølvbetening

selveierleilighet sjølveigarhusvære

selvfølgelig sjølvsagt

selvoppholdelsesdrift sjølvbergingsdrift

selvstendig sjølvstendig

selvstendighet sjølvstende

senter senter (sent(e)ret–senter–sent(e)ra)

sentrum sentrum (sentrumet–sentra–sentra(a) eller sentrumet–sentrum–sentruma)

sikker sikker, trygg; viss

sikkerhet (tilstanden:) tryggleik, (verksemda:) trygging; (sikker kunnskap:) visse

sikkerhetsmessig i tryggingssamanheng, tryggings-

Sikkerhetsrådet Tryggingsrådet

sikkerhetshensyn tryggingsomsyn

sikkerhetstjenesten tryggingstenesta

sted stad; finne s- gå føre seg, hende, vere

stedfortreder avløysar, representant, den som kjem/trer i staden for, varamann (-kvinne)

sunnhet helse

sunnhetsattest helseattest

situasjonsbetinget situasjonsbunden

skattelettelse skattelette

skattemessig i skattesamanheng, skatte-

skattøre skatteprosent, skattøyre (ein)

skikket skikka; før

skikkethet evne (til), føresetnad(er) for, å vera skikka

skjønnhet venleik

skolevesen skuleverk

skriftlighet skriftleg framstilling, skriftleg saksførehaving, skriftlegheit

skritt steg

skyldes koma av, botna i, ha sin grunn (si årsak) i, skriva seg frå

sted stad

stedfortredende assisterande, avløysande, fungerande

stedfortreder avløysar

stemmeberettiget røystefør

stemmegivning røysting

stemmerett røysterett

stiftelse stifting

stiftelsesmøte skipingsmøte

stillingsbetenkning stillingsomtale

straffbar strafflagd, straffbar

strøm straum

studie (en) studie (studien–studiar–studiane)

studium (et) studium (studiet–studium–studia)

styrke (subst.) styrke

styrke (verb) styrkja (styrkjer–styrkte–styrkt)

stønadsberettiget med stønadsrett

størrelse storleik

svakhet veikskap, svakheit

svekke svekkja (svekkjer–svekte–svekt)

svekkelse svekking

svingning svinging

sykehjem sjukeheim

synkende (t.d. prisar:) fallande, minkande

søsken sysken

søster syster

sårbar sårleg, sårbar, ømtolig; (t.d. om posisjon) utsett, veik

sårbarhet sårbarheit, å vere sårbar (utsett)

[Til toppen]

 

T

tall tal

taushetsplikt teieplikt

telle telja (tel–talde–talt)

telling teljing

tidsbegrenset tidsavgrensa, tidbunden

tidsmessig tidhøveleg, tidsmessig

tilbakeholdelse tilbakehalding

tilbakeholden tilbakehalden (måte-, atter-)

tilbud tilbod

tilby by, gje tilbod om, tilby

tilbøyelig t- til dregen mot / huga på / viljug til / tilbøyeleg til

tilbøyelighet dragnad, hug, tendens, tilbøyelegheit // ha t- til vera tilbøyeleg til; (òg:) ha lett for

tilfeldig tilfeldig

tilfeldighet slump(ehøve), tilfelle, tilfeldigheit // ved en t- det høvde seg slik / heilt tilfeldig / tilfeldigvis

tilføye leggja til

tilføyelse tillegg, tilføying

tilgjengelig tilgjengeleg

tilgjengelighet tilgang, tilgjengelegheit // ha god t- ha god tilgang / vera lett tilgengelig (lett å koma til)

tilgjengelighetsprogram tilgangs-/tilgjengelegheitsprogram

tilgodehavende gjeldskrav, tilgodehav(ande), uteståande

tilgodese syta for, tilgodesjå

tilhørighet tilhøyrsle

tilknyttet knytt til, tilknytt

tillatelse løyve, lov

tilpasning tilpassing

tilpasset tilpassa

tilrettelegge leggja til rette

tilsagn tilsegn (ei)

tilsagnsfullmakt tilsegnsfullmakt

tilsatt tilsett

tilsette tilsetja

tilskudd tilskot

til stede til stades

tilstrømning tilstrøyming

tilstå tilstå, vedgå; (t.d. eit gode:) gje, la få, yta

tilståelse tilståing; (av eit gode:) løyving, tildeling, yting

tilsvarende som svarar til, tilsvarande

tilta auka, stiga, veksa

tiltre byrja, slutta seg til, tiltre

tiltredelse byrjing, tilslutning, tiltreding

til tross for trass i

tilvirking tilverking

tilværelse tilvære (n.), tilvere (f.)

tjene tena

tjeneste teneste

tollfrihet tollfritak

toneangivende tonegjevande, førande, leiande; toneangivende personer (også:) bjøllesauer

tre i kraft (om regelverk:) ta til å gjelda, bli sett i kraft

treffe t- beslutning ta avgjerd / gjera vedtak

trekke trekkja (trekkjer–trekte–trekt)

trygghet tryggleik

tvinge tvinga (tvingar–tvinga–tvinga)

tvungen pliktig, tvungen

tåle tola

[Til toppen]

U

uaktsom aktlaus

uaktsomhet aktløyse

uansett same kva/kor, uansett

uavhengig sjølvstendig, uavhengig, ubunden

uavhengighet sjølvstende

uberettiget grunnlaus, ikkje rettkomen, ugrunna, uheimla

ubesatt u- stilling ledig, vakant

ubesindig tankelaus

ubetinget utan vilkår, vilkårslaus

uenig usamd

uenighet usemje

uerholdelig som ikkje kan drivast inn, uinndriveleg

uførhet nedsett arbeidsevne, tapt arbeidsevne, uførleik, uføre, (å vera) ufør

uforutsett upårekna, uventa

ugyldig ugyldig

ugyldighet å vera ugyldig (ikkje gjelda), ugyldigheit

uhildet fordomsfri, upartisk, uhilda

uke veke

ukentlig for (i) veka, kvar veke, veke-

uklar uklår/uklar

uklarhet uklårleik/uklarleik

ulikhet ulikskap, (i fleirtal ofte:) skilnader

ulønnet ulønt

umiddelbar beinveges, direkte, umiddelbar

umiddelbarhet beinveges samband, umiddelbarheit; bevisu- direkte provføring

underskudd underskot

undersøkelse gransking, undersøking

uoverensstemmelse avvik, mangel på samsvar, usemje

urettmessig grunnlaus, ikkje rettkomen, rettsstridig, ugyldig

urimelig urimeleg

urimelighet meiningsløyse, mishøve, sjølvmotseiing, urimelegheit

urådighet formyndarskap, råderettstap, verjemål, å vera urådig, urådigheit

utadrettet utetterretta, utovervend, til/overfor omverda

utadvendt utettervend, utovervend; (om folk:) open, omgjengeleg

utbredelse utbreiing, omfang, spreiing

utbytte (subst.:) utbyte

utferdige ferda ut, arbeida ut, laga, setja opp, skriva ut, utferda

utstede skriva ut; (blir òg brukt synonymt med utferdige, sjå det)

utilbørlig utilbørleg

utilbørlighet ufin framgangsmåte, skamløyse, usømd; (jur.:) å vera utilbørleg, utilregnelighet å vera utilrekneleg; (meir spesifikt:) gal(en)skap, sinnssjukdom, vitløyse; medvitsløyse // tiltalte frifinnes pga. u- på grunn av skort på skuldevne

utløp slutt, utlaup (-løp)

utløpe enda, gå ut, vara til, vera gyldig til

utnevnelse utnemning

utrede greia ut

utreder utgreiar

utredning utgreiing

utsatt utsett

utslipp utslepp

utstede ferda ut, skriva ut

utstedelse utferding, utskriving

utstøting utstøyting

uttalelse (formell:) fråsegn (ei): (uformell:) utsegn (ei)

utvalg utval

utvinnbar som kan vinnast ut

utvinne vinna ut

utøve utøva, bruka, setja i verk // u- innflytelse ha innverknad på / påverka

utøvelse utøving, iverksetjing

uønsket uønskt/uynskt

[Til toppen]

 

V

valg val

valgfrihet valfridom

valgkrets valkrins

vann- vass- (vassavgift, vassverk), vatn-

varighet lengd, tid, varigheit // ha en v- på (ofte:) vara

varsom varsam

varsomhet varsemd

vedrørende om, med omsyn til, som gjeld

vedvare vara (ved)

vegne på v- av på vegner av

vektlegge leggja vekt på

veie vega (veg–vog–vege)

veilede rettleia

veileder (person:) rettleiar; (trykksak:) rettleiing

veiledning rettleiing (les meir her)

veldedig samfunnsgagnleg, velgjerds-

veldedighet velgjerd(sarbeid)

velge velja–vel–valde–har valt

verdens i verda, verds-, verdsens

verdens- verds-

verdighet (sjølv)vørdnad, verdigheit // rettens v- vørdnaden til retten // anse under sin v- halda seg for god til / ikkje finna seg i

vesen stell, etat, vesen

vesentlig viktig, (ofte:) stor // uten v-ulempe utan nemnande (særleg) ulempe // v- mindre mykje (monaleg) mindre

vesentlighet i all v- i hovudsaka, for det meste, stort sett

virke (subst:) yrke, arbeid, gjeremål, levebrød; emne, (tre)vyrke, materiale

virke (verb:) verka (verkar–verka–verka)

virkedag yrkedag

virkelighet røynd, røyndom, verkelegheit

virkelighetsfjern røyndomsfjern

virkemiddel verkemiddel (fleirtal: middel–midla)

virkning verknad

virksomhet verksemd

viten kunne, kunnskap, innsikt

vitenskap vitskap

vitenskapelig vitskapleg

vitnesbyrd vitnemål

vokse veksa (veks–voks–vakse)

voksen vaksen

vold vald

voldelig valdeleg, valds-

voldsforbrytelse valdsbrotsverk, valdskriminalitet

voldsoffer valdsoffer

[Til toppen]

Y

ytelse yting

ytringsfrihet ytringsfridom

ytterligere fleire, meir, vidare

[Til toppen]

 

Æ

ærbødigst vørdsamt

ærede vørde

ærekrenkende ærekrenkjande

[Til toppen]

 

Ø

ødelegge øydeleggja

ødeleggelse øydelegging

øke auka

økning auke (ein)

økt auka (betre, hardare, høgare, meir, skjerpa, større osv.)

øremerke øyremerkja (merkjer–merkte–merkt)

øremerket øyremerkt

øverst øvst

øvrig de ø-e dei andre // for øvrig dessutan; elles

øyeblikk augneblink, stund

øyeblikkelig med det same, omgåande, straks; akutt

øyemed augneméd, føremål, siktemål // i dette ø- for dette føremålet / med dette for auga / med tanke på dette / i denne samanhengen

[Til toppen]

 

Å

åpen open (ope–opne)

åpenhet openheit // vise å- vera open (ærleg)

åpne opna

åpning opning

[Til toppen]

 

  

Kort administrativ ordliste bokmål-nynorsk

 

Vi har laga ein kortversjon av ordlista til venstre. Lista er tenkt å vera ei hjelperåd for offentleg tilsette som skal skriva nynorsk i arbeidet sitt. Orda i lista er plukka ut fordi dei er vanlege og nyttige i administrativt språk.

 

Forsidebilete av ordlista                                                 

 

 

Nyttige hjelpemiddel:

 

  • Magne Rommetveit: Med andre ord. Synonymordbok med omsetjingar frå bokmål til nynorsk. Oslo: Det Norske Samlaget 2007. 839 s. ISBN 978-82-521-6860-0. Finst òg i elektronisk utgåve og kan integrerast med Word. 

  • Karl Arne Utgård: Juridisk og administrativ ordliste. Bokmål – nynorsk. Oslo: Det Norske Samlaget 2002. 109 s. ISBN 82-521-5930-3. 
Utviklet av Gazette