Norsk språkråd (1972–2004) lanserte i mars 2000 e-postforumet «Ordsmia» som eit ledd i arbeidet med avløysarord.
Ordsmia var open for alle språkinteresserte. Det var mykje aktivitet i forumet dei første åra, med fleire tusen innlegg og nokre hundre påmelde. Diskusjonane i Ordsmia dreidde seg om importord henta frå både fagspråk og allmennspråk. Mange av orda som vart lanserte i forumet, finst i lista «På godt norsk». Dei siste åra var det lite aktivitet i forumet, og det vart lagt ned i 2010.
Har du eit avløysarord?
På sida «Har du et avløserord» finn du omtale av aktuelle eksempel på gode avløysarord. Der finn du òg ei e-postadresse som du kan bruke for å sende spørsmål om eller forslag til avløysarord til Språkrådet. Meir informasjon om emnet finn du på sidene «Norsk for engelsk».
Språkrådet har elles oppretta ei eiga datatermgruppe. Gruppa arbeider med å finne gode norske avløysartermar for engelske dataord og -uttrykk.
6.12.2010