Retningslinjer som sekretariatet i Norsk språkråd skal bruke for uttaletilrådingar:
1 Med 'normert uttale' meiner ein uttale av standardspråka bokmål og nynorsk.
2 Desse retningslinjene for standardspråksuttale gjeld som tilrådingar for dei som ønskjer eller er pålagde å bruke bokmål eller nynorsk som grunnlag for talen sin (f.eks. i etermedia). Dei kan også tene som tilråding om leseuttale.
3 I standardspråksuttalen er skriftbiletet rettleiande. Ut over det grunnlaget tilrår Språkrådet at kvar enkelt byggjer uttalen på sitt eige regionale eller lokale talemål. Ingen lokale talemål skal reknast som "rettare" enn andre eller meir "overregionale".
4 I ordtypar som har to utbreidde mønster for trykkplassering, skal begge mønstra kunne brukast i standardspråksuttalen (f.eks. både /´u:ansvarleg/ og /uan´sva:rleg/). Dette gjeld også såkalla austnorsk og vestnorsk trykkplassering, som altså begge kan brukast (f.eks. både /`avis/ og /a´vi:s/). Trykkplasseringar som ikkje viser slike tradisjonelle geografiske mønster, f.eks. /ka´o:s, vi´de:o, o´pe:ra/ og /data`ba:se/, er ikkje tilrådde. Trykket i nylaga ord (jf. database) skal følgje tradisjonelle norske mønster.
5 I importord med utgang på -or kan ein la trykket liggje på same stavinga i fleirtal som i eintal.
6 I ordtypar som har to utbreidde geografiske mønster for tonem, skal begge mønstra kunne brukast i standardspråksuttalen (f.eks. /´u:ansvarleg/ og /`u:ansvarleg/). Tonembruk som ikkje viser slike geografiske mønster, f.eks. /le`kasje/, er ikkje tilrådd.
7 I nyare importord -- altså ord som det ikkje finst nokon lang regional tradisjon for uttalen av -- skal ein prøve å skape samsvar mellom uttale og skriftbilete. Det vil seie at ein tilrår bokstavrette uttalar som /suk´ses, ener´gi:, ´taksi, strate´gi:/ og /kompro´mis/ eller /`sukses, `energi, `strategi, `kompromis/.
8 Tal skal uttalast etter teljemåten som blei fastsett ved stortingsvedtak i 1950 og kongeleg resolusjon i 1951.
9 Tjukk l kan brukast som uttale av l etter det mønsteret norske dialektar har. Likeins kan både fremre og bakre r brukast i standardspråksuttalen; og ld, nd og ng kan uttalast både som /ld, nd, ng/ og som /l, n, N/. Konsonantsamband av r eller l + t, d, s, l, n (i skriftmålet) kan få retrofleks uttale i standardspråksuttalen etter mønster frå dialektane, det same gjeld konsonantsambandet sl.
10 Standardspråksuttalen skal skilje mellom sj- og kj-lyd etter det tradisjonelle mønsteret i norske dialektar.
11 I norske stadnamn skal ein følgje tonembruk, trykkplassering og bruk av bestemt eller ubestemt form etter mønster frå den lokale uttalen. Tilrådd oppslagsbok er Norsk stadnamnleksikon.
(Vedteke på årsmøtet i Norsk språkråd 1. februar 2001)