Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

C-feller og x-feller

C, k eller s? X eller ks?

Det finst ein del rettskrivingsfeller i norsk. Til dømes kan vi av og til bli usikre på om eit ord skal stavast med c, eller om det skal stavast med k eller s. Andre gonger er spørsmålet om det riktige er x eller ks.

  • C-feller boikott(e), ikkje *boycott(e)
  • X-feller telefaks, ikkje *telefax

Nedanfor finn du fleire døme på c-feller og x-feller (nynorskforma før skråstreken). Stjerne framfor ei form tyder at denne forma ikkje kan nyttast i offisiell rettskriving.

  • C-feller (ikkje c, men k eller s)

    boikott(e), ikkje *boycott(e)
    handikap og handikappe, ikkje *handicap og *handicappe
    oppbakking, ikkje *oppbacking
    skanne og skannar/skanner, ikkje *scanne og *scannar/*scanner

    frilans(e), ikkje *freelance
    svesisme, ikkje *svecisme
    transe, ikkje *trance

  • X-feller (ikkje x, men ks)

    miksmaster, ikkje *mixmaster
    telefaks og fakse, ikkje *telefax og *faxe
Utviklet av Gazette