Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Dato, årstal, klokkeslett og tidsrom

 

Dato

Den offisielle norske skrivemåten for datoar har den tradisjonelle rekkjefølgja dag-månad-år. Døme:

den 5. juni 2006
5. juni 2006
5.6.2006
05.06.2006
5.6.06
05.06.06

Norsk Standard NS 4129 "Kontordokumenter og blanketter. Utforming" set opp rekkjefølgja år–månad–dag. I vårt døme blir det 2000-06-09. Denne måten kan brukast i internasjonal korrespondanse. (Ver klar over at engelskspråklege land har ulik dateringspraksis. I Storbritannia set dei dagen først og så månaden, i USA er det omvendt.)


Årstal

Årstal skal ikkje forkortast med apostrof, altså ikkje '99. Døme på korrekt bruk:

Reform 97
OL 94


Klokkeslett

Klokkeslett kan skrivast slik:

kl. 13
kl. 1300
kl. 13.00

kl. 9.05
kl. 0905
kl. 09.05

Det er valfritt med punktum i klokkeslett med fire siffer, obligatorisk ved tre siffer.


Tidsrom

Døme:
Kontoret er ope måndag–fredag.
I tidsrommet 1.7.–2.8. har tannlegen ferie.
Middagsservering kl. 13.00–15.00.

Det skal ikkje vere noko mellomrom før og etter streken. Streken er ein tankestrek, altså ikkje bindestrek.

Bruk helst ikkje uttrykksmåten "frå kl. 13–15". Viss du skriv "frå", må du også ha med eit "til": Middagsservering frå kl. 13 til kl. 15.

Med årstal:
1840–1845 eller
1840–45

Men berre 1840–1945

Utviklet av Gazette