Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Måljamstilling i IKT

Eit overordna politisk mål er at alle innbyggjarar i Noreg skal ha lik tilgang til IKT-tenester og -produkt. Det føreset at tenestene og produkta er tilgjengelege på norsk, meir konkret at det finst parallelle utgåver på bokmål og nynorsk.

Heilt sidan ein i Noreg tok i bruk dei første dataprogramma og -tenestene, har tilbodet for nynorskbrukarane vore mykje dårlegare enn for bokmålsbrukarane. Det har heile tida vore ein tendens til at leverandørane seier seg nøgde med ein versjon på norsk, og då på bokmål. Kvar einskild brukar kan spørje etter nynorsk versjon, men ein og ein blir dei ikkje høyrde.

Språkrådet har ansvar for å setje i verk norsk språkpolitikk, mellom anna for å sikre jamstilling mellom dei to målformene. Språkrådet arbeider for

  • at leverandørane skal utvikle parallelle utgåver,
  • at brukarar skal stille krav om parallelle utgåver, og
  • at offentlege organisasjonar skal bruke marknadsmakta si til å drive fram utvikling av parallellutgåver gjennom sine innkjøp.

Kontorstøtteprogram og nettenester

I dag er dei fleste pakkane med kontorstøtteprogram på begge målformer, i alle fall dei mest brukte. Søkjemotorar for Internett har også nynorske versjonar. Nettstader som Google og Wikipedia har innhald på begge målformer. Om lag 5 % av det norske innhaldet på Google er på nynorsk (i 2010). Wikipedia finst på nynorsk, men har langt frå like mange artiklar på nynorsk som det som er tilgjengeleg i bokmålsutgåva.

Søking

Det er enno ikkje mogeleg å søkje parallelt og samtidig på bokmål og nynorsk på Internett og i arkiv- og saksbehandlingssystem. I tilgjengelege arkiv- og saksbehandlingssystem må ein i dag lagre dokument med overskrifter og søkjeord på bokmål sjølv om dokumenta er på nynorsk. På Internett kan ein søkje på bokmål eller nynorsk, men ein får berre tilslag på den målforma ein søkjer på.

Taletenester

Eit område det skortar mykje på, er tilbodet av taletenester på nynorsk. Fleire og fleire tenester og program nyttar tale som ein av fleire måtar å styre tenestene og programma på. Det finst lite tilgjengeleg og godt oppmerka tekst på nynorsk og enno mindre lydmateriale. Skal alle ha lik tilgang til alle tenester og produkt på marknaden, manglar det mykje enno på dette området. Les meir om språkteknologi her.

Skulen

Opplæringslova seier at lærebøker og tilsvarande læremiddel skal liggje føre parallelt på begge målformer til same tid og same pris. Meir og meir lærestoff blir gjort tilgjengeleg digitalt, men kravet til parallellspråklege utgåver blir ikkje følgt opp.

Språkrådet har fleire gonger teke opp med utdanningsmyndigheitene at dei same reglane som gjeld trykte læremiddel, også må gjelde digitale læremiddel og programvare som elevar og lærarar nyttar i skulekvardagen. Digitale læringsplattformer som i dag er mykje brukte både i grunnskulen og (meir) i vidaregåande skule, har ikkje parallellutgåver av programma.

Situasjonen i skulen er ikkje særleg endra i høve til tidleg på 2000-talet når det gjeld parallellutgåver av programvare for skulebruk. Ei årsak er at kjøparane ikkje nyttar seg av retten til å krevje parallellspråklege utgåver når dei skal handle programvare til skulebruk.

Statlege standardavtalar hindrar ikkje at ein stiller krav om parallelle utgåver, men det er sjeldan at skuleeigarane tek med slike krav når dei lyser ut anbodskonkurransar om innkjøp. Språkrådet oppmodar skuleeigarane (kommunar og fylkeskommunar) om systematisk å stille krav om utgåver på begge målformer.

 

Sist oppdatert 8. august 2012

 

Utviklet av Gazette