Av Kjell Venås
Den historiske bakgrunnen for nynorsk
Då Noreg og Danmark skilde lag i 1814, brukte dei dansk skriftmål her i landet, men skrivemåten høvde dårleg med uttala av orda i det norske talemålet, så det var vanskeleg for folk flest å skrive. På denne tida budde om lag 90 % på bygdene der talemålet var lite påverka av det danske skriftspråket. Ved sida av den nasjonale grunnen til å få eit eige norsk skriftmål, var det såleis også ein pedagogisk grunn til at mange ynskte eit skriftmål som låg nærare norsk tale. Ivar Aasen laga det nynorske skriftmålet og la det fram som ei mogeleg løysing på eit nasjonalt, sosialt og pedagogisk problem. I utgangspunktet og etter føremålet skal nynorsk derfor vera ei samlande skriveform for norsk talemål, og det vil seia for dei norske dialektane.
Tale og skrift
Det var ei vanskeleg oppgåve å laga eit nytt skriftmål med talemålet som grunnlag. Dei norske dialektane er svært ulike, og Aasen kunne ikkje koma alle dialektar like mykje i møte. Noko anna er at skriftmål og talemål blir brukte på ulike måtar og med ulike føremål. Tale høyrer augneblinken til og kan stø seg på nær kontakt mellom talar og mottakar; skrift må skjønast etter det auga ser, men ho er meir varande og kan takast fram att når det høver. Det er mange indre band mellom ord og bøyingsgrupper, og skriftmålet må spegle slikt av. Jamfør at vi skriv ei bøyingsform trygt, endå uttala er [trykt] ; det er for å få fram samanhengen med trygg.
Geografiske skilnader i talemålet
Det gammalnorske talemålet utvikla seg annleis på éin stad enn på ein annan, og det hadde ført til geografiske skilnader i norsk talemål; det hadde vorte dialektar. Dialektane våre går attende på eit gammalnorsk mål som fanst i Noreg frå omkring år 1050 til omkring 1350. Vi skal sjå nokre døme på kva for vanskar dei ulike dialektformene kunne laga for den som ville skapa ei einskapleg og landsdekkjande skriftnorm. Det var det nynorsk skulle vera.
Lydutvikling i einskildord
Gammalnorsk hadde konsonantsambandet rð etter vokal, til dømes i ordet orð. I vestnorsk talemål fall ð bort, slik at gammalnorsk orð fekk uttala [o:r]. I austnorsk vart heile sambandet rð laga om til éin lyd, ein tjukk l. I eit skriftmål for både aust og vest meinte Aasen det var best å bruke ein skrivemåte som svara til gammalnorsk. Derfor valde han å skrive ord og tilsvarande i andre ord med same konsonantsamband. Med det fekk desse orda same skrivemåte som i dei andre nordiske skriftmåla, og det var ein føremon.
Sluttkonsonantar i eit par grammatiske grupper
I andre høve kunne andre omsyn verke inn. Vi skal jamføre to ulike sluttkonsonantar i eit par viktige grammatiske grupper. Gammalnorsk -t i bunden form eintal av inkjekjønnsord, til dømes i húsit, hadde falle bort i om lag all norsk. I talemålet sa dei [hu:se], og det kunne synast rimeleg å skrive utan -t i nynorsk. Men alle dei andre nordiske skriftmåla hadde halde på -t, og norske lesarar kjende den skriftforma frå dansk. Eit anna omsyn var at ein utan -t ville få same skriftform for ulike grammatiske former. Eit ord som menneske ville då skrivast på same måte i bunden form eintal: det menneske og ubunden form fleirtal: fleire menneske. (Forfattaren Olav Duun prøvde seinare å skrive utan -t, og i tittelen på boka hans Menneske og maktene kan ein ikkje vita om han meinte eitt eller fleire menneske.) Av slike grunnar meinte Aasen det var best å halde på -t i nynorsk og skrive mennesket, endå det var ein skrivemåte som gjekk imot talemålet.
Eit anna døme kan vera den ulike framvoksteren av -in i trykklett staving. Gammalnorsk sól hadde i bunden form eintal forma sólin. Etter gammalnorsk tid fall -n bort i alle dialektar (så nær som i bergensmålet). Dei andre nordiske skriftmåla (dansk og svensk) hadde halde på ein -n og hadde ei form som solen. Men då fekk bunden form av både hokjønnsord som sol og hankjønnsord som stein den same endinga -en i bunden form eintal. Det ville svara til at nynorsk var eit språk med berre to kjønn, og det høvde dårleg, for alle dialektane hadde tre kjønn (atter med bergensmålet som unntak). Dette var eit viktig drag i den nynorske språkbygnaden, og Aasen tok ikkje med -n.
Endinga måtte altså vera ein vokal, men det var ulike endingar i ymse dialektområde. Aasen valde endinga -i og skreiv dette ordet soli. Den endinga fanst i nokre få dialektar (Sogn, Vest-Telemark, Setesdal). Mange fleire dialektar hadde endinga -a og forma sola. Det var fleire grunnar til at Aasen i dette spørsmålet ikkje heldt seg til talemålet åt dei fleste. Den viktigaste var nok at han ved å velja -i fekk fram ein motsetnad som fanst i mange dialektar mellom to grupper av hokjønnsord. Når ord som sol fekk forma soli i bunden form eintal, vart den gruppa skilt frå ord som vise med endinga visa. Ulike meiningar om nynorsk skulle vera eit i-mål, med former som soli, eller eit -a-mål, med former som sola, har vore mykje framme i ordskiftet om den nynorske skriftnorma.
Eit par viktige pronomen
Det mest sentrale ordet i målet er vel det talaren bruker om seg sjølv. I dialektane våre finst former av typen je, jæ, jæi over mykje av Austlandet og former av typen e, æ, eg, æg i resten av landet. Den siste typen kjem frå den gammalnorske forma ek, det er brei talemålsdekning for han, og dette pronomenet har alltid vore skrive eg i nynorsk.
Det tilsvarande fleirtalspronomenet har i talemålet formene me og vi. I talemålet er me vestnorsk og vi austnorsk, men fleirtalsforma vi går mykje vidare enn je, jæ, jæi, for vi finst også i trøndsk og nordnorsk. Aasen valde me som nynorsk skriftform, og seinare (1917) kom vi inn i nynorsknorma. Vi og me er no jamstilte former i nynorsk.
Sideformer i normalen
Den eldste nynorsken var eit i-mål, med former som soli. I den rettskrivinga vi fekk i 1938, vart sola sett som hovudform. Men dei ville ikkje ta heilt bort typen soli, og den forma vart tillaten for elevar i skulen. Såleis tok dei noko omsyn både til ulike talemålsformer og til skrifttradisjonen. Det finst mange jamstelte former i nynorsk, og prinsippet med ulike mogelege skrivemåtar av same ordform eller bøyingsform går som ein raud tråd i nynorsk rettskriving. Det gjeld både lydformer og ortografi (dvs. rettskriving): Vi kan skrive høre eller høyre, skot eller skott, ven eller venn, no eller nå, særleg eller serleg, sølv eller sylv.
Ivar Aasen ville helst ha berre éin skrivemåte for kvart ord eller kvar grammatisk form. Mest alle jamstelte former eller sideformer har kome inn i norma etter hans tid. Det har vore ymse grunnar til å tillata fleire skrivemåtar. Den viktigaste har vore ynsket om å koma ulike dialektar i møte. Former utan diftong, som høre ved sida av høyre, kom inn fordi nokre dialektar hadde fått enkle vokalar i slike ord.
Bør vi ha jamstelte former?
Mellom språkfolk er det nokså ulike meiningar om det er klokast å ha eit breitt formval eller éi fast, einskapleg norm i skriftmålet. Nokre hevdar at det er den store føremonen med nynorsk at ein kan skrive nært til ulike talemål, og at dette oppfyller føremålet med nynorsk. Andre legg imot det med å hevde at det er for vanskeleg å lære å skrive rett når det kan gjerast på så mange ulike måtar. Ein burde heller ha ei einskapleg norm og berre éin skrivemåte av kvar ordform og bøyingsform.
Dei siste underbyggjer dette synet med å vise til den store skilnaden mellom tale og skrift. Dei seier at vi lærer rett skrivemåte ved å sjå dei same ordbileta gong etter gong, og at vi vil bli ustøe skrivarar dersom vi ser fleire ulike skriftbilete. Det er fleire argument både for og imot ei vid norm, og språkfolk vil sikkert drøfte dette lenge enno. Kva trur du ville vore det beste?
(Kjell Venås er professor emeritus i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo)