Av Arne Torp
1 Nynorsken byggjer på talemålet
Heilt rett.
Då Ivar Aasen laga landsmålet, var målet hans først og fremst å skape eit nasjonalt alternativ til det danske skriftspråket som vi hadde arva frå dansketida. Måten han gjorde det på, var å undersøkje systematisk dei norske bygdemåla og lage eit skriftspråk som bygde på hovuddraga i dei. Nynorsken har derfor basis i talemålet til det norske folket slik det var kring 1850, og slik det i store drag er den dag i dag.
2 Ingen snakkar nynorsk
Ikkje heilt rett, men heller ikkje så langt unna.
Fordi nynorsken ikkje byggjer på eit bestemt talemål, ein bestemt dialekt, men på ein syntese av mange dialektar, så er det ingen som veks opp med nynorsk som sitt første morsmål. Dei som snakkar nynorsk, har alltid lært det ved medviten innsats i ungdommen eller som vaksne, og dei er heller ikkje mange. Flesteparten av dei som skriv nynorsk, snakkar ein eller annan dialekt, eller ei blanding av nynorsk normalmål og dialekt, på tilsvarande vis som svært mange andre snakkar ei blanding av bokmål og dialekt. Men fordi nynorsken byggjer på dialektane, er det likevel som oftast liten avstand mellom tale og skrift for dei som bruker nynorsk.
3 Nynorsk er eit kunstig språk
Rett, i om lag same forstand som andre moderne skriftspråk er det.
Historisk sett har nemleg dei fleste europeiske skriftspråk element frå fleire ulike dialektar, jamvel om talemålet til overklassa i hovudstaden gjerne har vore viktigast. Men knapt noko skriftspråk kan seiast å byggje direkte på éin einskild dialekt som eksisterte frå før. Det gjeld også det danske skriftmålet, som i hovudsak byggjer på eldre københavnsk talemål. Det norske bokmålet har som kjent utvikla seg med utgangspunkt i norsk uttale av dette skriftmålet.
Det som skil nynorsken frå dei offisielle språka i dei nærmaste nabolanda og frå bokmålet, er særleg to ting:
1) Skriftnormalen er bygd opp ved medviten språkplanlegging; jf. Ivar Aasens arbeid + seinare reformer. Denne måten å skape nye skriftmål på er likevel velkjend mange andre stader i verda, jamvel også i Norden: Om lag samtidig med at Ivar Aasen skapte landsmålet i Noreg, la presten V.U. Hammershaimb (1819–1909) grunnlaget for det moderne færøyske skriftspråket, som i dag er det heilt dominerande på Færøyane. Også det moderne finske skriftspråket er eit resultat av språkplanlegging, der leiting etter kompromiss mellom ulike dialektformer har vore eit viktig element (jf. http://www.hum.uit.no/a/trond/mursot.html).
2) Det finst inga gruppe som har vakse opp med nynorsk som sitt første talemål. Grunnen til dette er den at nynorsken som kjent byggjer på dei norske dialektane, dvs. talemålet til dei breie lag av folket. Nynorsken er derfor i utgangspunktet talemålsnær, men han byggjer likevel ikkje på talemålet til noka bestemt geografisk eller sosialt avgrensa gruppe. Nettopp derfor har det heller aldri oppstått miljø der alle eller i alle fall dei fleste snakkar nynorsk slik at ungar som veks opp, får nynorsk som sitt første talemål. Nynorsken kan dermed seiast å vere demokratisk på den måten at inga spesiell befolkningsgruppe kan gjere krav på å ha eksklusiv "eigedomsrett" til han.
Talt bokmål eller riksmål representerer derimot historisk sett klart talemålet til ei sosial gruppe som har gjort det norsk-danske skriftmålet til rettesnor for daglegtalemålet sitt. Fordi denne gruppa utgjorde den sosialt leiande klassa i det norske samfunnet, fekk dette talemålet stor prestisje, og dei levde også såpass isolert frå andre samfunnsgrupper sosialt og/eller geografisk at barn som voks opp i desse miljøa, fekk dette talemålet som sitt første morsmål. Seinare har dette talemålet eller blandingsformer mellom dette og dei lokale dialektane rundt omkring i landet spreidd seg til andre sosiale grupper, særleg i byar og tettstader.
Dette er grunnen til at det i dag er ganske mange som reknar bokmål eller eit bokmålsnært talemål som sitt naturlege talemål, mens det same knapt kan seiast om nynorsk i det heile. Men dette har ingenting å gjere med det at nynorsken er meir "kunstig" enn bokmålet; i prinsippet er begge målformene like naturlege eller kunstige. Skilnaden kjem av at bokmålet har utgangspunktet sitt i ei klasse som lenge har hatt for vane å rette talemålet sitt etter skrifta, og skriftmålet har alt lenge vore meir eller mindre kunstig einsretta, eller standardisert, som vi seier. Fordi nynorsken nettopp er basert på talemålet til dei breie lag av folket, har ein her ikkje fått utvikla eit slikt einsretta talemål til dagleg bruk, fordi det folkelege talemålet både før og no varierer både lokalt og sosialt.
4 Nynorsken er "norskare" enn bokmålet
Rett i historisk forstand.
At bokmålet representerer eit beinveges framhald av det danske skriftmålet frå unionstida før 1814, medan nynorsken byggjer på norsk talemål med røter attende til gammalnorsk, er kjensgjerningar som ingen kan komme utanom. Historisk sett er det derfor liten tvil om at nynorsken kan seiast å vere norskare enn bokmålet.
No er det som kjent likevel mange som meiner at bokmålet med minst like stor rett kan kallast norsk. Det er jo mange fleire som bruker bokmål enn nynorsk i dag, og slik har det også alltid vore. Rett nok vil nok dei fleste vere samde i at det såkalla almindelige Bogsprog på 1800-talet i røynda var det same som dansk, men etter dei norske skriftspråksreformene på 1900-talet er det ingen som lenger kan påstå at bokmål og dansk er det same språket. I dag er altså både bokmål og nynorsk "norske" skriftnormalar i den forstand at begge høyrer heime i Noreg og ingen andre stader i verda. Om nynorsk likevel skal utropast til å vere norskare enn bokmålet, kjem an på kor stor vekt ein vil leggje på det historiske opphavet. Ut frå ei reint notidig vurdering kan ein like gjerne hevde at bokmål og nynorsk er like norske.
(Arne Torp er førsteamanuensis i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo)
Red.merk.: Vurderinga i siste avsnittet er ei språkhistorisk vurdering.
Men bokmål og nynorsk vart alt i 1885 jamstilte som norske skriftspråk og er likestilte i lov om målbruk i offentleg teneste frå 1980. Frå ein rettsleg synsvinkel er bokmål og nynorsk like norske. Nynorsk er frå den synsvinkelen ikkje norskare enn bokmål.
Ved ei samla vurdering av spørsmålet må den rettslege synsvinkelen ha førerang framfor den språkhistoriske. Nynorsk og bokmål er frå den synsvinkelen altså like norske.
Jon Grepstad