Prosentteiknet i norsk grensesnitt
I øvingar laga med Hot Potatoes kan ein ha ein knapp «Sjekk» eller «Sjekk svara». Ein får da ein skåre i prosent. Ver merksam på at programkoden for grensesnittet er i samsvar med engelske skrivereglar, der det ikkje er mellomrom mellom tal og prosentteiknet %.
Ein kan altså få eit svar som: Skåren din er 100%.
Korrekt norsk er: Skåren din er 100 %.
Også på svensk og dansk er det mellomrom mellom tal og prosentteikn.
I versjon 6 av Hot Potatoes må mellomrommet leggjast inn manuelt i kvar einskild øving. Det kan ein gjere ved å hente html-fila inn i ein editor (anten ein html-editor eller ein vanleg tekst-editor) og med søk og erstatt-funksjonen skifte ut automatisk:
'%
med
' %
Brukar ein ein vanleg tekst-editor (t.d. WordPad i MS Office eller Writer i OpenOffice), må ein hugse å lagre fila som rein tekst med etternamnet .htm eller .html.
I versjon 5.5 av Hot Potatoes kan denne utskiftinga gjerast i sjølve programmet ein gong for alle, men ikkje i versjon 6 så langt vi kan sjå.
Lærarar som brukar Hot Potatoes til øvingar, bør vere merksame på dette.
Ein god html-editor for dei som kan litt html, er elles gratisprogrammet HtmlKit.