Du sit ved pulten din
på vindaugsrekkja i klasserommet. Nistepakka og Stratos-sjokoladen har du ete opp for lenge sidan.
For sekstande gong gjespar vakta ved kateteret, og gjennom vindauget ser du postbodet
streve med tralla si
i nysnøen på fortauet.
Oppgåvearket ligg framfor deg overstrødd med skribleri og notat. Hjernen og høgrehanda har krampe etter all skrivinga og alle orda
du har slått opp i ordlista.
Det er da du tenkjer:
Kvifor i all verda
skal eg lære nynorsk?
Historia om nynorsken
På midten av 1800-talet vandra sunnmøringen Ivar Aasen frå bygd til bygd i store delar av Noreg. Oppgåva hans var å kartleggje talemålet i Noreg. På bakgrunn av funna utarbeidde Aasen ei ordbok og ein grammatikk, fundamentet for eit nytt skriftspråk. Han kalla det nye skriftspråket landsmål, ettersom det representerte språket til folk flest.
I 1885 vart landsmålet sidestilt med riksmålet, det som vi i dag kallar bokmål. Frå 1892 kunne skolestyra velje om elevane skulle ha landsmål eller riksmål som opplæringsspråk, og i 1907 kom vedtaket om sidemålsstilen.
Nynorsken har endra seg sidan Aasens tid. Grammatikken har blitt langt enklare, og moderne ord har kome inn i språket. I dag blir nynorsk skriftspråk brukt på dei fleste område i samfunnet – til kvardags, i media, i litteratur og i vitskap.
Nynorsken ligg nær talemålet til store delar av befolkninga i Noreg. At skriftspråket skal liggje nær talemålet, er eit grunnprinsipp for nynorsken.
Mange har nynorsk som første skriftspråk i dag.
Ein nynorskbrukar – vår tids Ibsen
For litt meir enn hundre år sidan blei Ibsens skodespel omsette til talrike språk så snart dei kom ut på dansk, bokmålet i datida. I dag er det Jon Fosse som blir omsett så snart han har gjeve ut eit nytt skodespel:
«Eg er altså eit uhjelpeleg nynorskskrivande menneske …
Går nokon til åtak på språket mitt, er det einaste som nyttar enten å pelle seg vekk eller å slå. Kva eg måtte velje å gjere, får storleiken på den som går til åtak avgjere.
Eg kan ikkje fordra å måtte argumentere for språket mitt, det er nesten som å måtte stå der og kope og argumentere for sin eigen eksistens. Og korleis argumentere for den? Det er ikkje så mykje meir å seie enn at eg er her no eingong. Og det same gjeld nynorsken. Både eg og nynorsken er her no eingong, av ulike og kanskje til dels uforståelege grunnar.»
Nynorsk er del av den norske kulturarven.
Nynorsken i samfunnet: Finst det nynorsk ute i samfunnet?
Dei fleste har lagt merke til at mange program i NRK er teksta på nynorsk. I dagsnyttsendingar og i Dagsrevyen er det fleire journalistar som les meldingane opp på nynorsk. Også i TV2 bruker dei nynorsk.
Ein firedel av kommunane og fire av fylka i Noreg har nynorsk som målform. I desse områda er nynorsk det skriftspråket som blir brukt i administrasjonen og på mange av skolane.
Om lag 86 000 barn i grunnskolen har nynorsk som opplæringsmål. Dette er 14 % av barna i denne alderen. 11 % av dei som bur i Noreg, ber om å få sjølvmeldinga på nynorsk, og 10–11 % av dei som møter på sesjon, fortel at målforma deira er nynorsk.
Journalistar i mange lokalaviser skriv reportasjar og meldingar på nynorsk. I Bergens Tidende er det til dømes om lag 10 % nynorsk.
På Det Norske Teatret i Oslo framfører skodespelarane replikkane sine på nynorsk. Lærarar i nynorskområde lærer elevane å skrive og lese på nynorsk, og tilsette i statsforvaltninga lagar nettsider, brosjyrar og skjema på nynorsk og må svare på nynorsk kvar gong dei får eit brev på nynorsk.
Ein god del yrke og jobbar krev at ein kan bruke nynorsk.
Får dei fleste så dårleg karakter?
Forskjellen mellom karakterane i sidemålseksamen og hovudmålseksamen frå den vidaregåande skolen er berre på eit par desimalar. Våren 2006 var gjennomsnittskarakteren i norsk hovudmål 3,3 og i sidemål 3,1.
Er nynorsk vanskeleg?
Nynorsk er ikkje eit framandspråk. Det betyr at når du lærer nynorsk, startar du ikkje heilt nedst på kunnskapsstigen. Du kan det meste frå før! Du kan nesten alle orda, du veit korleis du skriv setningane. Det viktigaste du må lære, er hovudskilnaden mellom nynorsk og bokmål. Dersom du lærer deg nokre få reglar og blir trygg på å slå opp i ordlista, får du lett taket på nynorsken.
Det er lett å få god karakter i nynorsk med ein liten innsats.
Er nynorsk berre grammatikkpugg?
Å kjenne eit språk er ikkje først og fremst å kunne bøye verb, finne rett kjønn til substantivet eller slå opp i ordlista. Å bruke andre sitt språk handlar om å lytte til andre, om å lese, om å skrive på deira måte. Å lære framandspråk hjelper deg til å klare deg på ei reise eller bli kjend med nye folk, og det gir deg eit glimt inn i ein annan kultur. Kunnskap i nynorsk er ein slik nøkkel til din eigen kultur.
Den beste måten å lære nynorsk på er å lese og skrive nynorsktekstar, som avisreportasjar, brev, noveller og dikt. Arbeidet med nynorsk er å forske meir i eit språk du allereie kan. Kva med å skrive tekstar til skolerevyen på nynorsk? Lag eit eige nummer av skoleavisa på nynorsk. Skriv eit dikt på nynorsk på valentinskortet til den finaste jenta eller guten i klassa. Imponer norsklæraren med ei e-postmelding på nynorsk. Eller lag ei eiga framsyning i klassa med sketsjar og songar på nynorsk.
På somme skolar bruker elevane skolebøker på nynorsk i eitt eller eit par fag for å få meir øving i nynorsk sidemål.
Alt arbeidet med nynorsken gjer at du ikkje blir betre i bokmål?
Når du jobbar med å lære nynorsk, blir du meir bevisst di eiga skriving og lesing. At språket er litt annleis, gjer at du lettare ser at språket er eit verktøy. Ein slik distanse til di eiga skriving har du nytte av å overføre til arbeidet med bokmål.
Idealet for nynorsken er ein uttrykksmåte som ligg nær opp til talemålet. Når du jobbar med nynorsken, må du smake på setningsstrukturen, og språket ditt blir gjerne ikkje så lett stivt og formelt. Du treng ikkje vere redd for om denne nynorske skrivemåten smittar over på bokmålsskrivinga di. Det er oftast ein fordel.
Du blir meir språkbevisst og får betre kjennskap til alternative norske skrivestilar.
Å lære nynorsk er å lære meir norsk.
Nynorsk i tre steg – ei oppskrift
Korleis lære nynorsk på to veker pluss to dagar pluss to år? Her er oppskrifta:
To veker – motivasjon
Sei "Nynorsk er ikkje vanskeleg" til deg sjølv kvar dag i to veker.
To dagar – innsats
Bruk ein dag på å lære deg substantivbøying, verbbøying og det viktigaste i grammatikken.
Bruk den andre dagen til å bli kjend med ordlista. Les innleiinga. Alt står jo der. Repeter det du lærte første dagen, og lær deg nokre vanlege nynorskord.
To år – utvikling
Arbeid med skriveoppgåvene du får på skolen, bruk det du lærte deg på to dagar, og lær deg litt etter litt nokre nye ord og uttrykksmåtar. Bli ikkje fortvila om du får tilbake dei første nynorskoppgåvene fulle av raude strekar. Merk deg kommentarane frå læraren og minn deg sjølv om at du med øving vil få til nynorsken.
«Er vi på nett?» eller «Kvar har du stæsja den cansen vi bøffa?»*
Du lever i eit samfunn der du møter fleire språk dagleg. Engelsk er eit framandspråk du møter og bruker sjølv heile tida. Dei siste åra har ungdomsspråk og slang blitt påverka av språk som urdu, arabisk og berbisk. Dette er nytt språkleg mangfald.
Erfaring med og kunnskap om fleire språk og skriftkulturar opnar for toleranse og forståing for andre kulturar og folk. Kan hende er kjennskapen til to ulike norske skriftspråk ei viktig årsak til at nordmenn er dei av folka i Norden som forstår naboane sine best?
Du får meir språk å velje i når du skal gi uttrykk for noko.
*stæsja=gøymt, cansen=sprayboksen, bøffa=stal
Nynorsk – ein del av det språklege mangfaldet du kan forsyne deg av.
Poeten Alexander G. Rubio (f. 1973) voks opp i Aurskog i Akershus med norsk mor og spansk far. At ein urban, ung diktar på Austlandet vel å skrive dikta sine på nynorsk, er kan hende overraskande:
«Eg byrja vel skrive på nynorsk av heilt andre årsaker enn det normale. Eg var ikkje dialekttalande, var ikkje frå Utkant-Noreg ... eg var ikkje frå Noreg i det heile. Eg skreiv og skriv på engelsk.
Altfor ofte vert valet av målform i Noreg eit ideologisk, eit etisk val. For meg var det eit estetisk val. Eg måtte ha eit språk som både hadde eit "gatespråk" og eit meir opphøgd språk, slik at eg kunne uttrykkje meg i spennet mellom gatespråket og eit meir opphøgd språk utan at det lét teit.
Kort sagt, eg gav faen i norsk målstrid; eg var innom målungdommen nokre gonger og kjende meg som E.T. mellom lafta stovevegger ... der det i tillegg ikkje var alkoholservering – men målforma funka, og det var hovudsaka.»
Språk er til for å prøvast ut. Ver derfor ikkje redd for å prøve deg fram på nynorsk! Kan hende blir nynorsken eit uttrykk for ei eiga stemme, og ei eiga skriveglede.
Nynorsk er del av det språklege og kulturelle mangfaldet i dagens Noreg.
Vil du vite meir om norsk språk?
Meir informasjon om Språkrådet, bokmål og nynorsk finn du på nettsidene våre.
Du kan også kontakte Språkrådet dersom du har språkspørsmål. Her finn du kontaktopplysningar.
Bilete til artikkelen:
Ivar Aasen-plakat: © Ludvig Eikaas
Frå regjeringskvartalet © Bjørn Rørslett / NN / Samfoto
Jente med bok © Bjørn Rørslett / NN / Samfoto
Elevar og lærar © Jørgen Schytte / Samfoto
Jenter dansar © Torbjørn Tandberg / Samfoto
Oppdatert 3. november 2008