Innimellom bør du lese tekstar, dels for å få øving i nynorsk ordtilfang, dels for å lære grammatikk av tekstane, og dels for avvekslinga si skuld. Mange av tekstane er spennande lesnad. Du finn òg lenkjer til stoff på nettet.
Tekstar
- Ragnar Hovland: Kveldssong for deg og meg
Grisen står og hyler
i den stille kveld.
(Han skal ikkje slaktast
men hyler likevel.)
- Erlend Loe: Soga om Roy
Roy heitte ein mann. Han var son til Ben, son til Glenn-lvar, son til Kim den inkontinente frå Oslo. Mor til Roy heitte Connie og var webdesignar for eit lite tidsskrift om mental helse. Roy budde på Alna, ikkje langt frå bomstasjonen ...
- Arne Garborg: Utanfor, i vest ...
Utanfor, i vest, bryt havet på mot ei sju mil lang, låg sandstrand. Det er sjølve havet. Nordhavet breitt og fritt, ukløyvt og utøymt, endelaust. Svartgrønt og salt kjem det i veldig rulling veltande inn or dei vestlege himlar ...
- Guten som gjekk til nordavinden og kravde att mjølet
Det var ein gong ei gammal kone som hadde ein son. Ho var ussel og skrøpeleg, og så skulle sonen gå på stabburet for henne og hente grautmjøl til middags. Men då han kom ut att på stabburstrappa, så kom nordavinden fykande ...
- Astrid Lindgren: Pippi begynner på skolen
Tommy og Annika gjekk naturlegvis på skolen. Kvar morgon klokka åtte traska dei i veg hand i hand med skolebøkene under armen ...
- FN: Rettane til barnet
Konvensjonen vart vedteken 20. november 1989. Dette er ein forenkla versjon, omsett og tilrettelagd av UNICEF-komiteen i Noreg.
- Jon Grepstad: Fotografering utan objektiv
Holkamera kan vere små eller store, improviserte eller konstruerte med stor omhug. Folk har laga kamera av skjel frå sjøen, saltbøsser og vassmelonar. Mange er blitt laga av små pappøskjer, av runde behaldarar, brusboksar eller kakeboksar. Minst eitt kamera er laga av eit kassert kjøleskap. Uvanlege bilete kan lagast med svært enkle middel. Somme av bileta kunne ikkje ha vore laga med eit kamera med objektiv ...
- Linda Eide: Ta orda tilbake
Det hender eg tenkjer på det før eg skal sova. I det siste har det nesten utsett beautysvevnen min med fleire timar. Når var det eigentleg det skjedde, grundar eg, og vrir meg. Når gjekk det så armeleg gale? ...
Nettstader
- Nynorsksenteret (Tekstbasen): http://tekstbasen.nynorsksenteret.no/index.php?&nynTXTpg=front er ei samling av nynorske sakprosatekstar til bruk i grunnskulen og i vidaregåande skule. Tekstane er autentiske tekstar henta frå ulike aviser, blad og nettstader. Dei viser mange ulike sjangrar og stiltypar.
- Magasinett: http://www.magasinett.no/
Magasinett er eit elektronisk tidsskrift som legg vekt på nyhende, artiklar og kommentarstoff. Magasinett tek sikte på alle oppegåande menneske, men stoffet er vinkla mest mot elevar og lærarar i ungdomsskulen og i den vidaregåande skulen.
- Dag og Tid: http://www.dagogtid.no/
Dag og Tid er ei nynorsk vekeavis for kultur, politikk og nyhende. Nokre av artiklane i kvart nummer blir lagde ut på nettet.
- Syn og Segn: www.synogsegn.no
Tidsskriftet Syn og Segn vart skipa i 1894 og kalla seg for ikkje lenge sidan eit tidsskrift for ”demonisk skriveglede”. Mange kjende nynorskintellektuelle har skrive i tidsskriftet opp gjennom åra. Eit par artiklar i kvart nummer blir lagde ut på nettet.
- Firda: http://www.firda.no/
Ein firedel av avisene her i landet blir redigerte på nynorsk, to tredelar blir redigerte på bokmål, og ti prosent blir redigerte både på bokmål og nynorsk. Bergens Tidende har til dømes artiklar både på bokmål og nynorsk. Firda, som held til i Førde i Sogn og Fjordane, er den største dagsavisa som blir redigert berre på nynorsk. Her kan du lese nyheiter på nynorsk.
- Vestads vevstad: http://www2.hivolda.no/jpv/
Dette er er ein nettstad for språk, massemedium, litteratur og ymse anna. Jon Peder Vestad er vert. Nettstaden har jamvel eit stabbur.
- Nynorsk Pressekontor: http://www.npk.no
Pressebyrået Nynorsk Pressekontor, òg kjent som NPK, har levert nyhende på nynorsk til norske aviser og kringkasting sidan 1969. Pressekontoret vart oppretta etter at Stortinget fann grunn til å løyve pengar til ei slik presseteneste for å gje avisene eit betre tilbod på nynorsk. Her kan du lese ingressar til meldingar om nyhende. Skulen din kan òg gjere avtale med pressekontoret slik at de får tilgang til heile meldingane.
Foto © Kjell-Erik Moseid / NN / Samfoto