Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Arne Garborg: Utanfor, i Vest ...

[Teksten slik han står i Skriftir i samling frå 1921–1922.]

UTANFOR, i Vest, bryt Have paa mot ei sju Milir
lang laag Sandstrand.
   Det er sjølve Have. Nordhave breidt og fritt, ukløyvt
og utøymt, endelaust. Svartgrønt og salt kjem det i
veldig Rulling veltande inn or dei vestlege Himlar, drivi
av Storstormane fraa Nordisen og Kanalen, køyrande sine
fakskvite Brimhestar fram or Havskodda, so Skumskavlen
stend, durande sin djupe Æveheims Orgetone fraa dei
ytste Avgrunnar. So støyper det seg mot Strandi og
krasar seg sund i kvit Foss, med Dunk og Dýn og lange
Brak, døyande burt i døyvt Dunder.
   Upp fraa den laage Sandstrandi tøygjer seg eit armt,
graatt Land med lyngbrune Bakkar og bleike Myrar,
yvi-saatt med Kampestein, trelaust og berrt; avstengt mot
Aust med ein lang, laag Fjellgard. Endelaus synest den
nakne Hei. Men her og der blaanar ei einsleg Tjønn,
som ligg og gror att, eller eit stort, stilt Vatn. Her susar
Vinden Dag og Natt. Og Graa-vêre ligg laagt yver Viddi,
der Haren rømer fraa Stein til Stein og allslags brun og
spettut og vill Fugl ligg i løynde Reir og blinkar og
blundar.
   Yvi det heile spanar Himilen seg vid og graa, fraa
Fjellgarden til Havs og so vidt ein ser, – det einaste
ljose yvi Tilvære. Den hev ein for Augo kvar ein gjeng.
Full av Skyir og Storm heng han mest alltid. Stundom
sig han aat Jordi og sveiper Lande i Regn og Skodd som
i ein Duk. Og det rigner og rigner til Lande fløymer. 
   Her og der uppetter Bakkar og Rés kryp laage Hus
ihop i Smaakrullar som søkjande Livd. I den tette Lufti
hildrar dei seg halvt burt, sveiper seg i Torvrøyk og
Havdis som i ein Draum; stengde og stille ligg dei
burtetter Viddine som Tusseheimar. Rundt Husi skimtar
det fram bleike grøne Flekkir av Aaker og Eng som
Øyar i Lyngviddi; kvar Bìte og kvar Lepp er avstengd
og innlødd med Steingjerde som lange Røysir.
   I desse Heimane bur Folke. [...]


 

Utviklet av Gazette