FN-konvensjonen om rettane til barnet
Forenkla versjon. Omsett og tilrettelagd av UNICEF-komiteen i Noreg
1 Alder 18 år
Alle under 18 år er barn, dersom ikkje ein lågare alder er lovfesta av staten.
2 Inga diskriminering
Rettane i konvensjonen gjeld for alle barn utan unntak. Staten skal syte for at ingen blir diskriminert.
3 Til beste for barnet
Alle tiltak skal vere til beste for barnet. Barnet har rett til å bli høyrt, eventuelt gjennom ein representant, i saker som vedkjem det.
4 Staten sitt ansvar
Staten har ansvaret for å setje barnerettane ut i livet. Landa må samarbeide for å nå dette målet.
5 Foreldreansvaret
Staten skal respektere at foreldra har hovudansvar for å oppdra barnet. Dersom andre føresette eller samfunnet elles har hovudansvaret for barnet, skal staten og respektere det.
6 Rett til liv
Staten pliktar så langt som mogleg å syte for at barn overlever og får utvikle seg.
7 Namn og statsborgarskap
Barnet har rett til straks etter fødselen å bli registrert med namn og nasjonalitet, og å kjenne og bli teke vare på av foreldra.
8 Identitet
Mistar barnet namn, familie og/eller statsborgarskap på ulovleg vis, skal staten syte for støtte og vern, slik at det får att desse rettane så snøgt som mogleg.
9 Halde familien saman
Barnet skal ikkje skiljast frå foreldra sine når det ikkje vil det sjølv, unnateke når dette er til beste for barnet.
10 Føre familien saman
Søknader om familiesamanføring over landegrenser skal behandlast på ein positiv, human og rask måte.
11 Motarbeide kidnapping
Staten skal motarbeide at barn blir tekne ulovleg ut or eit land eller hindra i å vende tilbake.
12 Å seie meininga si
Barnet har rett til å føre fram meininga si i saker som vedkjem det, og det barnet meiner, skal det leggjast vekt på.
13 Få og gi informasjon
Barnet har rett til ytringsfridom, til å søkje og ta imot informasjon og idear av alle slag og på alle måtar, frå utlandet òg.
14 Tanke-, samvits- og religionsfridom
Barnet skal ha rett til tanke-, overtydings- og religionsfridom. Staten skal respektere den retten og plikta foreldra har til å rettleie barna sine i slike spørsmål.
15 Forsamlingsfridom
Barnet har rett til organisasjons- og forsamlingsfridom.
16 Rett til privatliv
Barnet skal ikkje utsetjast for ulovleg innblanding i privatlivet sitt, i familien, i heimen eller i korrespondansen sin. Det skal vernast mot ulovleg åtak mot sitt gode namn og rykte.
17 Tilgang til massemedium
Barnet har rett til å ta imot informasjon frå nasjonale og internasjonale kjelder. Staten skal oppmode massemedium og forleggjarar til å spreie informasjon som skaper forståing og kunnskap mellom menneske, og til å lage eige barnestoff for minoritetsbarn òg. Staten skal verne barna mot skadeleg informasjon.
18 Foreldra har råderett og må hjelpast
Med støtte av staten har begge foreldra det grunnleggjande ansvaret for å oppdra og utvikle barnet. Det som er best for barnet, skal liggje til grunn for oppdraginga.
19 Vern mot misbruk
Staten skal verne barnet mot fysisk eller psykisk mishandling, forsømming eller utnytting frå foreldre og andre omsorgspersonar.
20 Barn utan familie
Einslege barn har særleg rett på vern og omsorg, til dømes adopsjon, fosterheimar, barneheimar eller andre høvelege institusjonar.
21 Adopsjon
Nasjonal og internasjonal adopsjon skal berre gå føre seg i samsvar med lova og vere autorisert av styresmaktene.
22 Flyktningbarn
Staten skal gi flyktningbarn og barn som søkjer om flyktningstatus, vern og humanitær støtte. Barn skal mellom anna bli hjelpte til å bli førte saman att med føresette eller andre familiemedlemmer.
23 Funksjonshemma barn
Psykisk og fysisk funksjonshemma barn har rett til å leve eit fullverdig og anstendig liv som sikrar dei vørdnad, fremjar sjølvtillit og legg tilhøva til rette for at dei skal kunne delta aktivt i samfunnet.
24 Helse
Barnet har rett til god helse og skal ha den beste medisinske behandlinga som samfunnet kan gi. Barn skal òg ha hjelp til å kome seg etter sjukdom. Staten skal spesielt arbeide for å redusere barnedøyinga mest mogleg, og fjerne helsefarlege tradisjonar.
25 Institusjonsbarn
Barn plasserte på institusjonar, sjukehus, barneheimar o.1. har krav på regelfast vurdering av behandlinga og opphaldet der.
26 Sosialtenester
Staten skal sikre at barnet får den sosiale hjelpa og den økonomiske støtta det har krav på etter lovene i landet.
27 Levestandard
Barnet har rett til ein levestandard som sikrar det ei sunn utvikling på alle område. Alt etter nasjonale forhold og ressursar har staten plikt til å støtte dei føresette, om naudsynt med materiell hjelp.
28 Utdanning
Barnet har rett til utdanning. Staten er forplikta til å gjere grunnskuleutdanninga gratis og obligatorisk, og syte for at barnet blir behandla med respekt.
29 Målet med utdanning
Utdanninga skal fremje utvikling av personlegdommen til barnet, og gi teoretisk og praktisk dugleik. Ho skal skape respekt for menneskerettane og fremje holdningar om fred, toleranse og venskap mellom folk. Utdanninga skal skape respekt for naturen og for barnet sin eigen og andre sin kultur.
30 Kultur, religion og språk
Minoritetsbarn har rett til, i fellesskap med andre i kulturen sin, å praktisere religionen sin og språket sitt.
31 Leik og fritid
Barnet har rett til kvile, avkopling, leik og rekreasjon, og rett til å vere med i kunst og kulturliv.
32 Barnearbeid
Barnet har rett til å bli verna mot økonomisk utnytting i arbeid, og mot å utføre arbeid som kan svekkje utdannings- eller utviklingssjansane.
33 Narkotika
Barnet har rett til å bli verna mot ulovleg bruk, omsetjing og produksjon av narkotiske stoff.
34 Seksuell utnytting
Barnet har rett til vern mot alle former for seksuell utnytting og misbruk.
35 Bortføring, prostitusjon og sal
Staten har plikt til å gjennomføre nasjonale og internasjonale tiltak for å hindre kidnapping, bortføring eller sal av barn til alle føremål og i alle former.
36 Og all anna utnytting ...
Staten har plikt til å verne barnet mot alle former for utnytting som er skadeleg for velferda til barnet.
37 Tortur, dødsstraff og fengsel
Barn skal ikkje utsetjast for tortur eller anna umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff. Dødsstraff eller fengsel på livstid utan høve tillauslating er ikkje tillate dersom brotsverket vart gjort før fylte 18 år. Barn skal ikkje haldast i fengsel saman med vaksne.
38 Barn i krig
Staten skal ta rimelege steg for å hindre at barn som ikkje har fylt 15 år, tek direkte del i krigføring.
39 Rehabilitering og reintegrering
Staten er forplikta til å setje i verk alle føremålstenlege tiltak for å sikre rehabilitering og reintegrering av barn som er offer for misbruk, utnytting, forsømming, tortur, væpna konfliktar eller anna umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff.
40 Skal behandlast med respekt
Barn som er klaga eller dømde for straffbare handlingar, har rett til ei behandling som sikrar vørdnad og fremjar respekten deira for menneskerettane. Målet er rehabilitering.
41 Når andre lover er betre
Rettane i konvensjonen skal ikkje gjelde dersom andre nasjonale eller internasjonale lover eller avtalar sikrar barnet på ein betre måte.
42 Kjennskap til konvensjonen skal spreiast
Staten er forplikta til å gjere konvensjonsteksten kjend for barn og vaksne.