# Unntak 1:
Ei gruppe hankjønnsord får som hovudform fleirtal på er og ene, slik bøyinga er i mange dialektar. Desse orda har sideform på [-ar]. Elevar kan altså sjå bort frå dette unntaket dersom dei vil.
| ein stad |
staden |
stader |
stadene |
| gjest |
gjesten |
gjester |
gjestene |
| medlem |
medlemen |
medlemer |
medlemene eller |
| medlem |
medlemmen |
medlemmer |
medlemmene |
| ven |
venen |
vener |
venene eller |
| venn |
vennen |
venner |
vennene |
Andre slike ord:
bekk, benk, gong, kvist, legg, rygg, sau, sekk, vegg.
# Unntak 2:
Ord som endar på -nad og -a får -er og -ene i fleirtal som hovudformer. Alle desse orda har sideform på [-ar, -ane]. Elevar kan altså sjå bort frå dette unntaket.
| ein stønad |
stønaden |
stønader |
stønadene |
| ein søknad |
søknaden |
søknader |
søknadene |
| ein sofa |
sofaen |
sofaer |
sofaene |
| ein villa |
villaen |
villaer |
villaene |