Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Slik bruker du kurset

Nynorsk.nett.no

 

Jenter dansarKurset «Nynorsk.nett.no» tek særleg sikte på elevar i vidaregåande skule som har bokmål som hovudmål, men kan òg vere til nytte for andre. Det kan brukast i klasseundervisning eller til sjølvstudium. Ein kan bruke delar eller heile kurset.

Kurset består av grammatikk, øvingar og lesetekstar. Dessutan har det informasjon om hjelpemiddel og bakgrunnsstoff om nynorsk i Noreg i dag.


1 «Startstreken»
Før du byrjar på kurset, bør du fylle ut den første prøva – «startstreken». Det er ei prøve som skal vise kva du kan, og kva du ikkje kan – kva emne du bør arbeide særskilt med.


2 Grammatikk og øvingar
Når du går vidare, kan du anten byrje med grammatikken og fylle ut øvingane til dei punkta du les om i grammatikken, eller du kan gå direkte til øvingane, fylle ut nokre av dei første, og deretter lese om emna i grammatikken. Når du har lese om dei aktuelle emna, kan du gå attende til øvingane og fylle dei ut på nytt og sjå kva du har lært.


3 Lesetekstar
Innimellom bør du lese tekstar, dels for å få øving i nynorsk ordtilfang, dels for å lære grammatikk av tekstane, og dels for avvekslinga si skuld. Mange av tekstane er spennande lesnad. Du finn òg lenkjer til stoff på nettet.

Det er heller ingenting i vegen for at du startar med å lese tekstar, før du går laus på grammatikk og øvingar. Erlend Loes «Soga om Roy», til dømes,  vil neppe gje deg avsmak på nynorsk.  Erlend Loe, som til vanleg skriv bokmål, skreiv teksten da han fekk i oppgåve av ei avis å skrive ei forteljing på nynorsk – som ein slags eksamen i nynorsk sidemål.

På nettet finn du elles mange interessante tekstar hos Magasinett.


4 Repetisjon
I grammatikken er det lagt inn to repetisjonsleksjonar – ei oppsummering av dei viktigaste reglane når det gjeld substantiv, og ei tilsvarande oppsummering når det gjeld verb.


5 «Målstreken»
Til slutt i kurset er testen «Målstreken». Mykje er det same som i «Startstreken», slik at du lettare skal kunne sjå kva du har lært i kurset.


6 Hjelpemiddel
Du kan søkje i Nynorskordboka i søkjefeltet øvst på nettsidene. I tillegg må du ha ei vanleg nynorskordliste. Er du i tvil om kva ord for ordklassar eller setningsledd tyder, kan du finne svar på sida om hjelpemiddel. Der finn du også tips om dataprogram du kan bruke for å lære nynorsk.

 

 

Om kurset
Her kan du lese kven som har laga kurset.


Tilbakemelding
Vi vil gjerne ha tilbakemeldingar, både ros og ris. Kva kan gjerast betre? Er det er noko du saknar? Er det noko som bør endrast?

Tilbakemeldingar kan sendast til: post@sprakradet.no


Foto © Torbjørn Tandberg / Samfoto

 

Utviklet av Gazette