Namnet Per var lenge eit svært vanleg namn, sjølv om det kanskje ikkje er så vanleg lenger. Rundt 1940 var Per blant dei mest populære mannsnamna i Noreg, medan det i dag ikkje eingong er blant dei femti mest populære namna.
Det er nok ikkje tilfeldig at det er eit vanleg namn som er siste leddet i ordet nysgjerrigper. Dette vanlege fornamnet har nærmast komme til å tyde ’person’. Per og Pål kan brukast om kven som helst.
Ein nysgjerrigper er då ein nysgjerrig person og ikkje ein bestemt gut som heiter Per.
Ordet nysgjerrig kom inn i norsk frå lågtysk og tysk neugierig, som opphavleg tydde å vere vitelysten etter nytt.
Sida blei publisert: 26. mai 2011
Språkrådet og Noregs forskingsråd samarbeider om Nysgjerrigpers språkpris. Saman vil vi heve interessa for språk og språkforsking blant deltakarane i konkurransen.