Enkle eller doble konsonantar
Nynorsk har somme tider obligatorisk enkel konsonant der bokmål har dobbel, til dømes i glas, grøn, hol, leka (bm. lekke), den/det same og spel. Det finst òg ein del tradisjonelle sideformer med enkel konsonant (m.a. domar, gamal, sumar) som vi må styra unna i statstenesta. Det vi er nøydde til å velja mellom, er ein god del jamstelte hovudformer.
Ein kan velja frå ord til ord, berre ein behandlar kvart av dei konsekvent. Når det er sagt, kan det verka rotete om ein set heilt tilfeldige skilje mellom orda. Ein kan her òg laga seg eit system, til dømes vera konsekvent med kvar konsonanttype (kjøtt og vett eller kjøt og vit).
Merknad
Dei enkle konsonantane svarar direkte til tradisjonell vestnorsk uttale, men mange svarar òg til eit djupare system i austnorsk, til dømes har målføre med palatalisering av nn, ll og tt (jf. trøndersk mainn) ikkje palatal uttale av ven(n), medan dei har det i renn. Elles er det jo ikkje heilt uvanleg i norsk – av praktiske grunnar – å skriva ein konsonant og likevel uttala vokalen stutt (særleg gjeld det m, jf. dum, kom ofl.). Men ein kan sjølvsagt òg ta omsyn til heilt andre ting enn å knipa inn på papirbudsjettet.
Ordlagingsendingane -dom, -døme og ord med m(m)
Ordlagingsendinga -dom får vi ofte bruk for. Vi kan velja om vi skal dobla m-en framfor endingane i eintal og fleirtal. Vi kan såleis skriva både
fridom–fridomen–fridomar–fridomane og
fridom–fridommen–fridommar–fridommane
Men vi kan berre bruka ein av delane i ein tekst. Dessutan skal alle ord med endinga -dom behandlast likt.
Ein står òg fritt i valet mellom -døme og -dømme. Ein kan skriva både bispedøme og bispedømme, futedøme og futedømme, lagdøme og lagdømme osv. Men alle ord med endinga -døm(m)e må behandlast likt.
Dei viktigaste av dei andre valfrie m(m)-orda er å kom(m)a – har kom(m)e og dei bøygde formene av medlem. Desse formene kan veljast uavhengig av kvarandre, men ein må vera konsekvent med kvart ord.
Ikkje noko val!
Ordet dom (= rettsavgjerd) har obligatorisk dobling av m-en: dommen, dommar, dommane. Obligatorisk -mm- er det òg i (ein) dommar og dømma, men det kan berre heita eit døme i tydinga ”eksempel”. At dom knytt til juss skil seg frå andre dom-ar, er ikkje lett å hugsa.
Ord som no har obligatorisk dobbel m i læreboknormalen, er: gammal, rommet–romma (bf. av eit rom), rømma, sommar, skremma, somme, stramme (flt. av stram), tomme (flt. av tom) og tømma.
Dei orda vi oftast støyter på i denne kategorien, er desse:
- Med n(n): bøn(n), dan(n)e, løn(n), mon(n), skjøn(n), ven(n)
- Med t(t): kjøt(t), lut/lott, skot(t), brot(t), vit/vett, skit(t)
- Med k(k): møk(k), lok(k), kjøk(k)en, [å vera] lek(k)
Ein kan velja fritt etter eige skjøn(n), men det skader ikkje å vera litt systematisk. Ein må som vanleg vera konsekvent med kvart ord og med andre avleiingar/samansetningar med same rot (såleis til dømes både løn og løna eller lønn og lønna).
Ikkje noko val!
Hugs at skin ”glans, lys” og skinn ”hud” er ulike ord på nynorsk. Å gje noko eit skin av rettferd treng altså ikkje innebera eit hamskifte.