Fredag 16. november 2007 vart det på Blindern i Oslo arrangert ein internasjonal konferanse om namn og identitet. Arrangør var Forskargruppa for namn og identitet (Namnegransking), Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN), Universitetet i Oslo. Nærare førti personar deltok, av dei tolv frå desse landa: Danmark, Finland, Latvia, Serbia, Sverige, Sør-Afrika, Tyskland, Zimbabwe. Konferansen vart opna av nestleiaren ved ILN, professor Kjell Ivar Vannebo.
Presentasjon av føredragshaldarane:
- Adrian Koopman er professor i zulu ved KwaZulu-Natal-universitetet i Pietermaritzburg, Sør-Afrika.
- Emmanuel Chabata er frå Harare i Zimbabwe og har nyleg avslutta ei doktoravhandling i leksikografi ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium/Norsk ordbok, Universitetet i Oslo og er tilsett som forskar ved Forskingsinstituttet for afrikanske språk, Universitetet i Zimbabwe.
- Lars Kirkhusmo Pharo er seniorforskar ved Norsk institutt for paleografi og historisk filologi i Oslo og har nyss forsvara ei doktorgradsavhandling om meso-amerikanske tidsritual.
- Ljubisa Rajic er professor i nordiske språk ved Universitetet i Beograd.
- Terhi Ainiala er namneforskar ved Forskningscentralen för inhemska språk i Helsingfors.
- Charlotte Hagström underviser i etnologi på Avdelning för europeisk etnologi ved Lunds universitet og har gjeve ut boka Man är vad man heter. Namn och identitet.
- Guro Reisæter er universitetslektor ved Humanistisk fakultet, Universitetet i Tromsø, og har skrive hovudfagsoppgåve om namn og innvandrarar i Tromsø.
- Solveig Wikstrøm er i gang med ei masteravhandling om etternamn og identitet ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo.
- Otto Krogseth er professor i religionshistorie ved Institutt for kulturstudium og orientalske språk, Universitetet i Oslo, og er m.a. knytt til eit forskingsprosjektet om kulturarv og identitet.
- Erling Indreeide er forfattar og bur i Skedsmo.
- Jon Holm er forskingskonsulent ved ILN, Universitetet i Oslo, og har disputert på ei avhandling om naturskildringa hjå den franske romantikaren François-René Chateaubriand (1768–1848).
- Benedicta Windt er doktorgradskandidat ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo, og skriv avhandling om bruk av personnamn i Sigrid Undsets forfattarskap.
Dei tolv føredraga som vert trykte her, gjev mange ulike tilnærmingar til emnet namn og identitet. Alle har det sams at den språklege storleiken som namn er, er tett knytt til identiteten til einskildmenneske og grupper av menneske. Både omgrepet identitet og innhaldet i det er komplekst, men eg trur innlegga har ført til litt større forståing av kva det inneber. I botnen er det tale om noko allmennmenneskeleg.
Adrian Koopman fører oss inn i striden om endring av stadnamn i Sør-Afrika fordi det vert rørt ved innarbeidde namneformer. Når ulike språk og ulike kulturar møtes, er det opplagt at konflikten vert endå meir samansett. Stadnamn som formidlar og instrument til å skapa etnisk og nasjonal identitet er emnet til Emmanuel Chabata. Det er ei global problemstilling som her vert drøft med bakgrunn i Shona i Zimbabwe.
Ein fjern kultur, også i tid, er utgangspunktet for Lars Kirkhusmo Pharos analyse av sjel, lagnad og identitet tufta på 260-dagarskalenderen i Mesoamerika. Ljubisa Rajic tek for seg dei stadige endringane i gatenamna i Beograd og kva det får å seia for folks namneidentitet. Det notidige namnelandskapet i Helsingfors er emne for Terhi Ainialas drøfting av stadnamn som ein del av ein identitetsskapande prosess i eit moderne bysamfunn.
Desse fem fyrste føredraga har teke utgangspunkt i stadnamn, medan dei neste tre gjeld personnamn. Charlotte Hagström går inn på korleis me brukar namn for å få kunnskap om kven ein person er – også inn i den virtuelle verda. Guro Reisæter drøfter det viktige spørsmålet om korleis innvandrarar til Noreg må balansera mellom to identitetar i personnamnval og personnamnbruk. Etternamn som identitetsberar er like relevant som førenamnet, men kanskje mindre granska. Difor er det viktig at det vert lagt opp til ei undersøking av dette, slik mastergradsprosjektet til Solveig Wikstrøm legg opp til.
Eit sentralt punkt i føredraget til Otto Krogseth om kollektiv identitet og kulturelt minne er at me er inne i ei identitetskrise, men at me freistar å kompensera dette gjennom re-tradisjonalisme. Forfattaren Erling Indreeide drøfter tilhøvet mellom namn og namneobjekt frå ein heilt annan synsvinkel, basert på ei poetisk tilnærming: Kvifor nektar eit objekt å bera eit namn? At eit objekt, t.d. eit landskap, er identitetsskapande utan namn, viste Jon Holm i føredraget sitt (berre samandraget er trykt her). Han bygde argumentasjonen sin på skildringane til Chateaubriand av amerikansk villmark. Ei anna litterær tilnærming til namn og identitet gjev Benedicta Windt i drøftinga si av namneval hjå forfattarar: Korleis brukar ein forfattar namna for å fylla karakterane i verket?
Botolv Helleland
botolv.helleland@iln.uio.no
(Rapporten vart opphavleg trygt i «Nytt om namn» nr 46.)