[Teksta er tidlegare publisert i Nytt om namn nr. 50 – 2009 ]
Stadnamntenesta
Samrådingsmøtet 2009 for stadnamntenesta i Språkrådet og Statens kartverk vart halde i lokala til Statens kartverk Oslo og Akershus i Oslo 23. september. Dette årlege fellesmøtet var i år berre éin dag mot tidlegare to dagar, men både Kartverket og sekretærane i stadnamntenesta hadde eigne interne møte 22. september. Til møtet i 2008 var kollegaer frå dei nordiske landa inviterte, og det var faglege føredrag om offentleg stadnamnnormering og kommunal namngjeving i dei nordiske landa, sjå referat og omtale i Nytt om namn 48 – 2008. I år var representantar frå Posten Noreg AS, Statistisk sentralbyrå og Statens vegvesen med for å orientera om namnearbeidet i sine etatar.
Frode Wold frå Posten Noreg AS fortalde om postnummer og poststadnamn. Endringar som gjeld postnummer eller poststadnamn blir gjennomførte 1. oktober kvart år, og dette kan føra til at 3 500 adresser blir endra. Endringane kan t.d. koma av at nye poststader blir oppretta, eller at gamle blir nedlagde, og dei blir grunngjevne med at dei vil vera til fordel for publikum og/eller Posten. Kommunane som endringane vil få verknad for, blir alltid rådspurde.
Henning Hartvedt orienterte om namn i tettstaddatabasen i Statistisk sentralbyrå. Utgangspunktet er ein tettstaddefinisjon som har vore nytta sidan 1960, og etter denne definisjonen er det 919 tettstader i Noreg. Det vart gjeve ut ein tettstadkatalog i 1994-95, og frå 1999 har det kvart år vorte publisert ei liste med tettstadnamn. Namn og skrivemåte byggjer på Sentralt stadnamnregister (SSR).
Harald Wethal frå Statens vegvesen, Region aust, tok for seg det generelle namnearbeidet i Statens vegvesen. Han viste til omfanget av stadnamnbruken i Vegvesenet: tungtransportkart, stadnamn i GIS-verkty, Nasjonal vegdatabank, Visveg, orienteringstavler og vegskilt for vegvising, tunnelar og bruer. Vegvesenet har gode rettleiingar for namnearbeidet i etaten med tilvisingar både til stadnamnlova og SSR, men Wethal la ikkje skjul på at dei må bli flinkare til å følgja desse rettleiingane.
Tone H. Woie frå Statens vegvesen, Region nord, orienterte om erfaringane Vegvesenet har med vegskiltinga i dei fleirspråklege områda i Troms og Finnmark. Skiltinga skal følgja reglane i stadnamnlova, men Woie måtte vedgå at Vegvesenet ikkje har sikre nok rutinar for å sikra dette arbeidet. Konklusjonen på innlegga frå Vegvesenet vart difor at reglar og rettleiingar er gode nok, men at ein må ta tak i det praktiske arbeidet, og at dette er eit leiaransvar.
I tillegg til desse orienteringane fortalde Finn E. Isaksen frå Statens kartverk Kristiansand om samspelet mellom matrikkellova, som regulerer adressering, og lov om stadnamn. Svein Arne Orvik frå Språkrådet kom med gode tips om korleis vi kan få informasjon om korrekt namnebruk ut til lokalaviser, kommunar, offentlege etatar osb. Elles var det nokre ”gjengangarar” på saklista, som uavslutta saker, laust samansette namn og orienteringar frå Kartverket.
Terje Larsen
terje.larsen@iln.uio.no