Juryen for Klarspråksprisen har lagt vekt på at SPK har arbeidd lenge og systematisk med klarspråk og gjort ein enorm innsats for å endre bedriftskulturen. – Språkarbeidet er no ein naturleg del av organisasjonsutviklinga, og klart språk er ein del av faget uansett fagområde. Det omfattande arbeidet SPK har lagt ned, har gjeve gode resultat og høg språkleg kvalitet i begge målformer, seier juryleiar Kjell Lars Berge.

Statsråd Rigmor Aasrud deler ut prisen til Statens pensjonskasse ved administrerende direktør Finn Melbø. Foto: Språkrådet
I år er det tredje gongen prisen blir delt ut, og juryen ser at det har vore ein generell framgang på desse åra. Kandidatane held jamt over høgare nivå, kvaliteten på klarspråksarbeidet stig, og konkurransen blir skarpare.
Grunngjevinga frå juryen kan du lese her.
Pressemelding om utdelinga på www.regjeringa.no