Den 28. mars 2012 arrangerer Språkrådet eit seminar om arbeidet med nynorsk i staten. Målgruppa er statstilsette som arbeider med nynorsk, og som prøver å få til ei jamnare fordeling mellom målformene på arbeidsplassen sin. Formålet er å utveksle erfaringar og kome med tips om korleis ein kan få laga fleire og betre tekstar på nynorsk. Deltakarane får ei orientering om Språkrådets tilbod og hjelpemiddel og om mållovstilsynet. Vi vonar at seminaret også kan bli opptak til eit kontakt- og diskusjonsforum for statstilsette som arbeider med nynorsk.
På seminaret lærer ein
- korleis andre etatar arbeider for å få meir og betre nynorsk
- korleis ein kan spreie informasjon om regelverket
- kva som finst av nynorskkurs og nyttige hjelpemiddel
- kva mållova krev av statsorgan, og på kva område ein bør setje inn kreftene
Program
09.30 Registrering og kaffi
10.00 Innleiing ved Språkrådets direktør Arnfinn Muruvik Vonen
10.10 Slik har vi gjort det – gode råd om nynorskarbeid i statsorgan
Seniorrådgjevar Bjarne Myrstad, Fiskeri- og kystdepartementet
Seniorrådgjevar Hanne Bakke, Noregs vassdrags- og energidirektorat
Rådgjevar Ellen Grong, Universitetet i Bergen
12.00 Spørsmål til innleiarane
12.15 Lunsj
13.00 Her bør ein setje inn kreftene
Orientering om mållova og tilsynsarbeidet ved Daniel Ims og Astrid Grov
13.30 Det er hjelp å få!
Orientering om kurstilbodet til Språkrådet ved Bård Eskeland og Kjetil Aasen
14.00 Pause
14.15 Det er hjelp å finne!
Orientering om hjelpemiddel på nettet ved Anna Senje og Margrethe Kvarenes
14.35 Spørsmål og diskusjon
Det kan bli endringar i programmet.
Praktisk informasjon
Tid: onsdag 28. mars 2012 kl. 10–15.
Stad: lokala til Språkrådet i Observatoriegata 1 B, Oslo.
Seminaret er gratis. Påmelding til stat(a)sprakradet.no seinast 19. mars 2012.