Språkrådet offentleggjer lister over inn- og utgåande post. Postlistene blir publiserte i ei felles postjournalteneste, OEP (Offentleg elektronisk postjournal). Tenesta gir alle moglegheit til å søkje etter brev og dokument og til å tinge kopiar.
Her kan du søkje i OEP.
Språkrådet behandlar kvar tinging som eit innsynskrav, og svaret kjem direkte frå oss.
Ver merksam på at det kan ta nokre dagar før journalar er tilgjengelege i OEP.
Publisert: april 2011
På nettstaden til OEP kan du lese spørsmål og svar om tenesta for offentleg elektronisk journal.