Bakgrunn
I september 2009 bad Kulturdepartementet Språkrådet om å setje i gang arbeidet med ein gjennomgang av nynorskrettskrivinga, på bakgrunn av tidlegare styrevedtak i saka og behandlinga av stortingsmeldinga «Mål og meining».
Rettskrivingsnemnda, som omfatta både fagfolk og viktige brukargrupper, hadde innstillinga klar 1. april 2011. Det var høyring i februar. Styret i Språkrådet gjorde endeleg vedtak 20. mai 2011 og sende saka til Kulturdepartementet. Den nye rettskrivinga blir gjeldande frå august 2012. Då skal det òg liggje føre nye ordbøker.
Ny norm – for kven?
Som i dag er det fyrst og fremst offentleg tilsette, lærebokforfattarar, lærarar og skuleelevar som skal følgje norma.
– 2012-normalen vil gjere det lettare å skrive rett, både for den røynde språkbrukaren og for den som er språkleg usikker, seier styreleiar Ottar Grepstad.
Sist oppdatert: 17.1.2012