Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Slo de dykk, eller slo dykk dykk?

(16.11.10) På sist møte drøfta rettskrivingsnemnda om tida er inne for å innføra ei sams subjekts- og objektsform i andre person fleirtal av personlege pronomen i nynorsk. Førebels framlegg er at det skal vera lov å bruka dykk både som subjekts- og objektsform, som eit alternativ til det innarbeidde de/dykk. Dykkar blir framleis eigedomspronomenet.

Nemnda har no vore gjennom både lydverk og formverk i nynorsk rettskriving, og ser på førebels vedtak ein gong til. Referat frå andre gjennomgang ligg føre etter neste møte, når nemnda har fått sett på alle vedtak samla.
 
Eit oversyn over førebels vedtak ligg på nettsida under referat.
 


 

Utviklet av Gazette