A- og e-infinitiv blir ståande, men nemnda har ikkje konkludert når det gjeld kløyvd infinitiv. På Nynorsk 2011 ber vi om innspel frå språkbrukarane. Presensformene på -er av sterke verb (kjemer, teker) er tekne ut, og likeins partisippforma komi, teki.
Det har kome inn framlegg om at dåkker kan vere eit alternativ til objektsforma dykk. Også det vil vi gjerne ha synspunkt på.