Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Arveord og importord

Arveord er ord som høyrer til det opphavleg nedarva ordtilfanget, til skilnad frå lånord og framandord. Kor stor del av ordtilfanget i norsk er arveord? I ei nyleg utkomen bok har Helge Sandøy og Jan-Ola Östman rekna ut at heile 44 % av ordstammane i Nynorskordboka er importerte. Nynorskordboka har ca. 90 000 ord fordelte på 29 844 ordstammar. 56 % av ordstammane i ordboka er altså arveord

Tabellen nedanfor viser kva språk dei importerte ordstammane er henta frå:

Importert frå Tal ordstammar Prosent
latin 4089 31
gresk 2120 16
lågtysk 2021 15
fransk 1931 15
engelsk 1564 12
italiensk 358 3
nederlandsk 167 1

arabisk

148 1
spansk 108 1
portugisisk 80 1
russisk 51
hebraisk 42
keltisk 24
tyrkisk 14
slavisk 4
indisk 3

Frå Sandøy, Helge og Jan-Ola Östman (red.): «Det främmande» i nordisk språkpolitik. Oslo: Novus 2004. ISBN: 82-7099-395-6

Utviklet av Gazette