Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Kven rår over orda?

Av Sigfrid Tvitekkja

Kva ord tek ordbokredaktørane med i ordbøkene? Spørsmålet er viktig for språkbrukarane.

I kommentaren «Jødeblod og negerkunst» (Aftenposten 20.06.09) stussar journalist Inger Anne Olsen med rette på utvalet av samansette ord med jøde- og neger- i nyare norske ordbøker.

To mytar om ordbøker
I denne artikkelen prøver eg å rette opp to mistydingar om ordbøker:

Mistyding 1: Alle ordbøker som finst elektronisk og på papir, er offisielle på ein eller annan måte.

Mistyding 2: Alle ord i eit språk står i ordboka. Dei orda som ikkje står i norske ordbøker, finst ikkje i norsk språk eller er ikkje gode og korrekte.

I prinsippet kan kven som helst lage ei ordbok og gje henne ut. Redaktøren (forlaget) bestemmer kva for ord som skal stå i boka. At ei ordbok er utgjeven i bokform eller til bruk på pc, tyder likevel ikkje at boka har vore innom ein offisiell pult og fått stempelet «godkjent som korrekt norsk», slik Olsen nokså forståeleg reknar med og mange trur.

Språkrådet og Universitetet i Oslo gjev ut Bokmålsordboka og Nynorskordboka. Dersom du slår opp i ei av desse ordbøkene på samansette ord med jøde som førsteledd, finn du jødedom, jødefiendtleg, jødefolk, jødeforfølging, jødehat, jødehatar og jødekristen. Andre samansetningar med jøde- som Olsen har funne i andre ordbøker, finst ikkje i Bokmålsordboka og Nynorskordboka. For ordbøker til skulebruk finst det ei godkjenningsordning: Språkrådet kontrollerer bøyingsformer og rettskriving i manus til skuleordbøker og ser på om orda er ein del av kjernevokabularet, dvs. ord som dei fleste vil støyte på og bør kjenne til.

Inger Anne Olsen (og mange andre) spør seg kvifor det ser ut til at ingen kebabnorske ord finn vegen til norske ordbøker. Vel, «kebabnorsk» er anten sedd på som ein multietnolekt (ein slags dialekt prega av mange språk) eller ungdomsslang. Dialektord og slangord kjem ofte ikkje med når ein redaktør vurderer kjernevokabularet. Heilt generelt er det også slik at ordbøker speglar skriftspråket betre enn talespråket.

Slangord har funnest til alle tider, men dei held seg ikkje nødvendigvis i bruk lenge. Tone Tryti seier i boka Norsk slang at «ikke noe lyder så passé som foreldede slangord». I og med at dei går fort ut av bruk, ville mange slangord verke pussige i ordbøkene. Eit døme kan vere festbrynje, som på eit tidspunkt var slang for smoking.

Av og til blir slangord likevel del av allmennspråket. Ord som sjaber (frå nederlandsk) var rekna som slang på 30-talet, men har kome i allmenn bruk – og dermed inn i ordbøkene. Teit og kul har med tida også kome med i ordbøkene. Dersom sjofe (kebabnorsk for ’å sjå’) blir vanleg i norsk (særleg i aviser og daglegtale), vil det nokså sikkert bli vurdert som oppslagsord i ei ordbok også. Særskilt i papirordbøker må ein likevel ta omsyn til plassen, og det vil alltid vere minst like mange ord utanfor dei vanlege ordbøkene som inni dei. Norsk er eit rikt språk, og spontane ordlagingar oppstår i tusental kvar dag.

Tips til kritisk lesing av ordbøker
Viss ordet neger står i ordboka, kva står det av andre opplysningar om ordet? I Bokmålsordboka og Nynorskordboka står det at neger kjem av ordet for svart i latinske språk (negro). I tillegg står det at ordet kan bli oppfatta nedsetjande.

Professor Ruth Vatvedt Fjeld har undersøkt korleis menn og kvinner blir behandla ulikt i ordbøkene. Tilfeldige søk på han og hun i Bokmålsordboka, meiner Fjeld, viser at hun går att i eksempelsetningar som «hun kvapp til» og «hun kvitret og lo hele tiden», medan pronomenet han går att i setningar som «det er kvalitet i alt han gjør» og «han er hvass i regning» (Språknytt 2001/1). Eit «kvinneord» som ammetåke kom først med i ordbøkene i 2005, og ordet A-cup er ikkje med. Kvifor kjem ikkje typiske «kvinneord» med?

Eit anna spørsmål er kva verdisyn som kan lesast inn i definisjonane av orda urban og rural. I mange ordbøker er det å vere urban og frå byen det same som å vere kultivert, medan å vere rural og frå bygda er det motsette av urban – altså ukultivert?

Inger Anne Olsen fortel at ho slutta å bruke ordet jordeple i ungdommen. Ho forstod «fort at vi ikke kunne snakke sånn». Viss det er eit statusmerke for eit ord å stå i ei ordbok, noko jordeple gjer, kven «bestemte» at det ikkje var godt nok eller forståeleg å seie jordeple i staden for potet? Det var i alle fall andre enn Språkrådet eller ein bestemt redaktør. Kan det vere at kaféborda og sofakrokane rundt om stengjer ute like mange ord som ein kunne tenkje seg å gjere i tradisjonelle «raudpenn-miljø»?

Me treng debatt om språklege omgangsformer og potensielt diskriminerande språkbruk i ordbøker. Men det er skilnad på å debattere felles oppfatning av felles språk og å sensurere kvarandre i kvardagen.

Språkrådet har fått spørsmål frå publikum om eit ord som tverrfagleg (samarbeid) er negativt ladd, fordi det har ordet tverr i seg. (Tverr kan tyde både ’vrang’ og ’gretten’ og ’som går på tvers’.) Slike reaksjonar kan tyde på eit språkklima der folk er redde for å bruke heilt vanlege ord. Ein fare er at dersom kunnskapen om ord forvitrar, blir debatten uopplyst. Difor treng me ordbøker.

Du kan lese Inger Anne Olsens kommentar her.

(Sigfrid Tvitekkja er fagkoordinator i Språkrådet) 

Utviklet av Gazette