Øving 37


Fyll ut felta. Når du er ferdig, kan du klikke på "Sjekk" og sjå om svara er rette. Står du fast, kan du i nokre av oppgåvene klikke på "Tips" for å få hjelp. Men hugs at du da taper poeng.

Her skal du fylle inn rette bøyingsformer av verbet. Når teksten er på dialekt eller bokmål, har vi markert med kursiv.

TA ORDA TILBAKE!


Det hender eg (å tenkje) på det før eg skal sova. I det siste har det nesten (å utsetje) beautysvevnen min med fleire timar. Når var det eigentleg det (å skje), grundar eg, og vrir meg. Når (å gå) det så armeleg gale? Kom det med den rokken som dei (å skrive) med c? Kvifor (å miste) me våre eigne ord? Og idet eg (å kjenne) augo verta tyngre, (å kome) eit siste, men noko meir konstruktivt, spørsmål: Kan me på nokon som helst måte få dei att?
    TA ORDA TILBAKE! Det er parolen eg ber i protesttoget som (å dure) gjennom draumen når eg til sist (å krype) inn i koma light. Dig in, ta til deg. Dei ligg der, og kanskje vert 2000 og heile nulltalet ein renessanse for bakstrevarorda. Dei som ei stund berre (å lukte) av flassa oljemaling frå eit nedslite husbankhus på bygda, eller eit umoderne sekstital i byen, men som no kan passera som ei naiv tilnærming til det urbane og moderne livet. Du er super! Du er berre toppen! Cool? Kul? For eit tåpeleg nittitalsord. Kul vert du fyrst når du ikkje (å si) cool, men til dømes heimen.
    Det var Anne Marie som (å få) hjernesvillene mine til å leggja seg klar for tankeskinnene. Anne Marie er 36 år, frå Bergen by, med sikker sans for Bygde-Noreg, blanda med latinamerikanske rytmar og ei analytisk tilnærming til livet og TV-dokumentarar.
    – Det er nåkke på gang, vi driver å ironiserer over et eller annet. Eg sier jo ikkje til deg: "Kordan går det heme hos deg?" Eg sier heller: "Kordan går det i heimen."
    Dette (å gi) meining og optimisme. Det gamle ordet "heimen" er no eit naivt og søtt ord, kult, men ikkje coolt, skjønar? Kan me spa opp liknande ord for å bakka
sjølvaste engelsken over Atlanteren att? Tankane (å leggje) seg på skinnene. Me er på sporet! På sporet av den tapte snakkemåten! For kva var det Kristin sa?
    – Det fins jo'kke no an't ord for det, gjørr det vel? Shopping ække det samme som å handle. Og en siår'ke at en ska på kjøbing. Vi har'ke noe norsk ord for shopping. Åffer æ det sånn?
    – Handle er helt klart et ord som forbindes med en slags tvang, vi må handle melk og toalettpapir. Shopping, derimot, er underholdning,
seier Ivar, som er over 40 og amanuensis på Nordisk institutt. Han gir Kristin rett, men ikkje svar.
    Kristin er ei intelligent og uvanleg ven jente frå nedst i landet. Men med berre 22 år bak øyra kan ein ikkje venta at ho (å hugse) attende til det uttrykket Anne Marie (å smake) seg fram til.
    –Hmm mm shopping, å sjåppe. E'kje det det samme som det mødrene våre kalte "å gå i butikkar"?
    "Å gå i butikkar"! Smak på det, putt det inn med teskei og touch det så vidt med tungespissen. Tru meg, det (å ta) berre sekundar før du (å stappe) det ned og (å svelgje) det med hud og hår og gamle mødrehattar, oppstemt laurdagsiver og den glade kjensla av å fortena noko nytt, men kva? Lat oss gå i butikkar i dag!
    Nostalgi, naivitet. Og dessutan er me ein generasjon av shopparar som (å kjenne) den kvalme ettersmaken frå ordet. Som kjenner stikket av dårleg globalt samvit, der me tytande fulle av pengar kan gjera forbruk til underhaldning, medan storparten av verda ikkje eingong (å vite) kva det betyr å ha lommepengar. "Å gå i butikkar" er fri for den typen negativt vedheng, og Ivar the expert veit kvifor.
    – Uttrykket har på en måte gått ut av bruk, og nettopp derfor kan det trylles fram igjen. Det er slik de ofte gjør det på Island og på Færøyene, der de hele tiden omsetter importord med ord fra sitt eget språk. De må finne frem ord fra glemselen, slik at ingen forbinder noe annet med det ordet enn det fenomenet det nå skal være ord for, skjønner du? Spør ivrige Ivar, og ventar på neste utfordring. Og den kjem alt i neste avsnitt.
    For språkmedvitne Kristin (22) har vanskar med eit anna ord også: date.
    – Stevnemøte blir for pompøst, en date æ litt mindre alvorlig, samtidig som du signaliserer at det ligger romantikk i lufta, om du skjønner hva æ mener.
    Språkmedvitne, men vestlandske Anne Marie er ikkje på nett her.
    – Eg bruker date om det som ikkje e nåkken date. Når eg skal treffe deg eller Kjersti, sier eg at eg har en date med Linda eller Kjersti. Skal eg treffe en eg e interessert i, sier eg at eg har en avtale, tror eg ...
    – Bare møte! ivrar Ivar. Men eg (å protestere) og (å hevde) at det må då vera eit altfor forretningsmessig ord til å dekka søt musikk og dådyrauge oppløyst i glede over det etterlengta spørsmålet "lyst på endå ein kopp (beisk og jævlig) krydderte?"
    – Foretningsmøtene heter avtaler nå, møte er ledig for ny kontekst.
    – ?
– Innhold. Nytt innhold. (Herregud, da, er det ikke Språknytt du skriver for!) Om bare kort tid vil møte stå klar til å avløse date.
    – Hmmm, men kva med timing, å tima. To dagar før den avgjerande finalen i old-girls-serien strakk eg leddbandet, snakk om dårleg timing!
    Ivar (å vri) og (å vende) vondt på seg. Me er ved kjerna til amerikahelvetet i morsmålet vårt. Fast word. Kjapp, kjappare, kjappast. "Å treffa det rette tidspunktet" versus "å tima". 5–2, bortesiger.
    – Engelske ord som er kalde faktaverb, må erstattast med eit like kort norsk ord om det skal vera håp i tynnslite ordforråd. At shopping elegant (å late) seg konvertera til "å gå i butikkar", handlar om stemning. Ord som (å formidle) ei stemning, kan gå over til lengre norske utrykk.
    Alt dette Ivar meg, medan Kristin snart skal fortelja meg om endå eit ord.
    – Crøsh on!
    –?
    – Det betyr på en måde at en æ interessert i noen, men det æ'kke helt det heller. Mer en slags fascinasjon.
    Eit stemningsord! Og kvar er avløysaren? Slå eit slag for det kule ucoole, for den nye språklege tilnærminga til livet! Eg (å lure) forresten på om ikkje svermeri står ledig for nytt innhald?
    Me er irriterte, me er mange, og no vil me sova! Ta orda tilbake! *

På vegne av vanvittig mange,

Linda Eide

* Og gi dei gjerne vidare til meg.
Denne teksten finn du også på http://www.sprakrad.no/ta_orda.