Kva heitte Oslo i 1905?
I 1905 vart fylka kalla Amt. Nemninga Amt går attende til 1662. Før den tid, alt frå 1300-talet, vart nemninga len nytta. I 1905 gjorde ein kommisjon nedsett av Kyrkjedepartementet framlegg om å skifte ut ordet Amt. Kva ord ville kommisjonen setje i staden?
Kva heitte Østfold i 1905?
Kva heitte Hordaland i 1905?
Kva heitte Sogn og Fjordane i 1905?
Kva heitte Vest-Agder i 1905?
Kva var det mest populære jentenamnet i 1905?
Kva var det mest populære gutenamnet i 1905?
I 1905 var det boka Norske retskrivnings-regler som var norma for dansk-norsk i skulen. Boka, som kom i 16–17 utgåver, vart autorisert til skulebruk av departementet frå 1885. Første utgåva kom i 1866 under tittelen Retskrivningsregler til Skolebrug. Siste utgåva kom i 1907. Kven var forfattaren?
Kva kallar vi den landsmålsnormalen som vart nytta i skulen i 1905? Normalen vart fastsett i 1901 til bruk i skule og administrasjon.
Skreiv ein substantiva (samnamna eller fellesnamna) med stor førebokstav i skulen i 1905?
Hadde ein gått over til å skrive å i staden for aa i skulen i 1905?
I 1899 vart det skipa eit professorat i landsmål ved Universitetet. Kven var professor i landsmål i 1905?
Kunne studentane bruke nynorsk (landsmål) til eksamen ved Universitetet i 1905?
Fanst det lover på nynorsk (landsmål) i 1905?
Var landsmålsliturgien i kyrkjene innført i 1905?
Han som var utanriksminister i 1905, vart i 1909 formann i Noregs Mållag for tre år. Han var òg statsminister eit halvt år i 1907–1908 og var i 1915–1920 kyrkje- og undervisningsminister. Som kyrkje- og undervisningsminister innførte han 1917-rettskrivinga. Kva heitte han?
I tida 1903–1906 vart det gjeve ut ei stor etymologisk ordbok i Noreg. Boka er framleis mykje brukt og kom i ny utgåve i 1991. Kven skreiv ordboka?
Korleis skreiv ein ordet losji på dansk-norsk i 1905?
Korleis skreiv ein deputasjon i 1905?
Statistisk Aarbog for Kongeriget Norge 1906 har tekst også på eit framandspråk. Kva for eit framandspråk?