Språkkupong 2

Kryss av i dei raude felta på denne måten:

1 = første alternativet er rett
2 = andre alternativet er rett
3 = tredje alternativet er rett

Trykk på knappen Løysing når du har fylt ut kupongen.
Rett svar finn du i kolonnen til høgre.

1 2 3
1 Kven skreiv verket "Norske Gaardnavne"?
(1) Oluf Rygh (2) Magnus Olsen (3) Hjalmar Falk
2 Kven har skrive "Norsk stadnamnleksikon"?
(1) Jørn Sandnes og Ola Stemshaug (2) Botolv Helleland og Ola Stemshaug (3) Gustav Indrebø
3 Kven skreiv boka "Norsk i Amerika"?
(1) Nancy Aarsvold (2) Kristofer Janson (3) Einar Haugen
4 Kva er dei to mest frekvente orda i norsk (rekna av 150 mill. ord i Norsk tekstarkiv i Bergen)?
(1) og, det (2) det, er (3) i, og
5 Kva heiter "brainstorming" på norsk?
(1) hjernetrim (2) idedugnad (3) hjerneristing/hjernerystelse
6 Kva heiter "direct mail" på norsk?
(1) snøggbrev (2) direktereklame (3) rekommandert brev
7 Kva heiter "software" på norsk?
(1) mjukvare (2) programvare (3) maskinvare
8 Kven skreiv: "Det sprog jeg skriver, er nu bannlyst fra skolen, og om tredve år er det glemt. Da er det et dødt sprog, og jeg klassiker; det vil si, man må være skolelærd, skriftlærd el.l. for å kunne lese meg."?
(1) Sigurd Hoel (2) Andre Bjerke (3) Arnulf Øverland
9 Når vart Noregs Mållag skipa?
(1) 1906 (2) 1885 (3) 1929
10 Når slutta danskane å skrive stor førebokstav i substantiv?
(1) 1917 (2) 1948 (3) 1960
11 Korleis skal "høgd/høyde over havet" forkortast?
(1) hoh (2) h.o.h (3) hoh.
12 Korleis skal "eventuelt" forkortast?
(1) evt. (2) ev. (3) evt
13 Landet heiter "Canada". Kva er adjektivet?
(1) canadisk (2) kanadisk eller canadisk (3) kanadisk


Du kan lese meir om somme av desse emna her (klikk på lenkjene):

Først publisert juli 2000. Oppdatert juli 2005