Går attende til urgermansk *Austrôn, jf. eng. Easter og ty. Ostern
Kjem frå det latinske verbet paciscor = inngå ein avtale, jf. pakt (lat. pactus)
Kjem frå hebraisk pesach = det å gå forbi, jf. eng. Passover
Kva tyder ordet «Golgata»?
Skallestaden
Galgeberget
Den mørke staden
Nyleg vart eit nytt «evangelium» offentleggjort, det såkalla «Judasevangeliet». Papyrusskriftet har fått namnet Codex Tchacos. Kva språk var det skrive på?
gresk
latin
koptisk
Kva språk er Det nye testamentet skrive på?
gresk
hebraisk
latin
Kven skreiv «Jeg velger meg april»?
Henrik Ibsen
Bjørnstjerne Bjørnson
Herman Wildenwey
Ein svensk diktar skreiv skodespelet «Påsk». Kva heitte han?
Pär Lagerkvist
August Strindberg
Henning Mankell
I 1958 fann det såkalla «Påskeopprøret» stad i norsk politikk. Kva skjedde?
I påska 1958 samla Sosialistisk studentlag i Oslo, eit lag i AUF, underskrifter frå eit fleirtal av stortingsrepresentantane i Arbeidarpartiet på eit opprop mot utplassering av amerikanske atomvåpen i Noreg.
I påska 1958 samla Sosialistisk studentlag i Oslo, eit lag i AUF, underskrifter frå eit fleirtal av stortingsrepresentantane i Arbeidarpartiet på eit opprop om at Noreg måtte leggje ned veto i Nato mot at Vest-Tyskland skulle få atomvåpen frå USA.
«Påskeopprøret» er òg namnet på ei hending i eit anna land, i 1916. Kva land?
Sør-Afrika
Irland
Russland
Kor mange samansette ord finst det i Bokmålsordboka som har «påske» som eitt element?
fjorten
fem
åtte
Kva er den latinske nemninga for påskelilje?
Narcissus pseudonarcissus
Narcissus poëticus
Ei chilensk øy i Stillehavet heiter Påskeøya. Kvifor?
Øya vart oppdaga av ein europear i påska.
«Påske» er ei forvansking av dei innfødde sitt namn på øya.
Kva er opphavet til namnet «palmesøndag»?
Palmesøndag har fått namnet frå Jesu inntog i Jerusalem. Folket hylla han med palmegreiner.
Palmesøndag har fått namnet frå ein gammal jødisk fest.
Kva er opphavet til namnet «skjærtorsdag»?
«Skjær» kjem frå norrønt.
«Skjær» kjem frå hebraisk.
Reglane for fastsetjing av påska vart gjevne av kyrkjemøtet i Nikea 325. Første påskedag skulle vere første søndag etter første fullmåne etter vårjamdøger. Seinare vart reglane utforma meir presist. Kva er det tidlegaste tidspunktet for første påskedag, og kva er det seinaste?
Første påskedag kan kome mellom 22. mars og 25. april.
Første påskedag kan kome mellom 25. mars og 25. april.