Ny og enklare målbruksrapportering
Kvart år skal sentrale statsorgan og departement rapportere til Språkrådet om bruken av og fordelinga mellom bokmål og nynorsk i organet.
Saman med Nasjonalbiblioteket har Språkrådet laga eit verktøy som skal gjere det enklare for statsorgana å rapportere om målbruken sin. Det digitale verktøyet har fått namnet Målfrid.
Frå og med 2020 er det Målfrid som sjekkar målvekslinga på nettsidene til dei sentrale statsorgana og i stortingsdokumenta til departementa.
For dei kategoriane som Målfrid ikkje haustar inn automatisk, bed vi framleis om eigenrapportering. Alle får eit Questback-skjema som Språkrådet bed om svar på innan 31. januar gjeldande år.
Excel-skjemaet frå tidlegare år skal ikkje brukast meir.
Språkrådet set saman tala frå Målfrid med resultata frå eigenrapporteringa i Questback. Både departement og sentrale statsorgan får deretter ei tilbakemelding om målbruken.