Om skriftet
I 1880 tok Det Norske Samlaget initiativ til å få Bibelen omsett til landsmål, og 17. juni 1881 løyvde Stortinget 1000 kr til ei prøveomsetjing av Romarbrevet eller Johannesevangeliet på det vilkåret at kyrkjedepartementet godkjende valet av omsetjarar, og at arbeidet «før det udgives, undergives en Bedømmelse, som nevnte Departement finder betryggende».
Elias Blix, som var professor i hebraisk, tok på seg omsetjingsarbeidet av Romarbrevet på det vilkåret at han fekk hjelp av Ivar Aasen. Teologen F.W. Bugge og filologen C.R. Unger vart oppnemnde til å vurdere arbeidet.
Omsetjinga kom i 1882. I 1883 kom så Markusevangeliet, omsett av Matias Skard, som òg omsette Lukasevangeliet (1884), Apostelgjerningane (1887), Galatarbrevet, Jakobs brev og dei tre Johannesbreva (1888). Johannes Belsheim omsette Matteus, og resten fullførte Blix, som elles gjekk gjennom det heile før utgjevinga i 1889: Det nye Testamente. Umsett fraa den greske Grunntekst paa norsk Folkemaal og utgjevet med Statskostnad av Det norske Samlaget.
Stortinget hadde kvart år løyvd midlar til omsetjinga – løyvinga vart auka frå 1000 til 3200 kr i 1884. Testamentet kom i eit lite opplag på 2000 og vart utgjeve i kommisjon hos Mons Litleré i Bergen. Boka var etter måten dyr, kr 1,50, og ho var sett saman av dei einskilde prøvehefta med prøvehefta sine eigne tittelblad og eiga paginering for kvart hefte, utan kapittelsamandrag og tilvisingar.
Om Matias Skard
Matias Skard (1846–1927). Fødd i Øyer. Skulemann. Folkehøgskulelærar 1875–90 (styrar for Vonheim folkehøgskule 1884–90), lærar ved Levanger seminar 1892–1901, skuledirektør i Agder 1901–21. Gav ut nynorske omsetjingar frå norrønt, tysk, latin og gresk. Skreiv salmar og omsette delar av Det nye testamentet. Gav m.a. ut Skulesoga (1894), Norske rettskrivingsreglar (1899), Landsmaalsordlista (1901, seinare utgåver under namnet Nynorsk ordbok), Vaart sjæleliv (1908), Barneoppdragelsen i hjemmet (1925) og Barndom og kristendom (1926).