Samarbeidspartnarar og internasjonalt samarbeid

CEF Digital og ELRC (European Language Resource Coordination)

CEF (Connecting Europe Facility) er eit EU-program som mellom anna finansierer utviklinga av ein europeisk digital infrastruktur. Siktemålet er at digitale tenester skal kunne fungere på tvers av landegrenser i Europa. Ein av byggjeklossane i denne infrastrukturen er eTranslation, ei automatisk omsetjingsteneste.

Saman med Nasjonalbiblioteket har Språkrådet rolla som nasjonalt ankerfeste i ELRC for innsamling av språkdata til automatisk omsetjing. Arbeidet går for det meste ut på å samle inn tidlegare omsetjingar og tospråklege termlister som kan brukast til å lære opp omsetjingsprogram. Både generelle og områdespesifikke omsetjingar er viktige i denne samanhengen.

ELG – European Language Grid

ELG skal vere ei felles plattform for språkteknologi i Europa. Både kommersielle og ikkje-kommersielle verksemder kan lagre og laste ned og opp data og programvare på ELG-plattforma. Språkrådet representerer Noreg i ELG-nettverket. Vi hentar inn og formidlar informasjon om norsk språkteknologi, norske språkressursar og språkteknologiske forskingsprosjekt i Noreg.

Astin – arbeidsgruppa for språkteknologi i Norden

  • språkleg kvalitet i utviklinga av språkteknologiske produkt
  • tilgangen til grunnlagsressursar for språkteknologisk forsking og utvikling
  • samarbeid mellom språkrøkt, forsking og industri på det språkteknologiske området

Føremålet er å tryggje dei språklege rettane til borgarane og sørgje for at dei språklege behova deira blir stetta utan omsyn til kommersielle interesser. 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:07.01.2021 | Oppdatert:11.05.2022