Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Fakta om norsk språk

Dame som les ved eit vatn © ScanpixFrå urnordisk til norrønt

Norsk språk har utvikla seg av eit felles skandinavisk språk som vi kallar urnordisk, og som vart brukt i det første tusenåret etter Kristus. Det er bevart døme på det i ein del runeinnskrifter frå desse hundreåra. Fram mot vikingtida endra dette språket seg og fekk ein enklare struktur, samtidig som det oppstod eit skilje mellom ei vestleg grein, som vi kallar norrønt, og ei austleg grein, som etter kvart skulle utvikle seg til svensk og dansk.

 

Gammalnorsk (ca. 700–ca.1350)

Norrønt vart snakka og skrive både i Noreg og i dei områda der nordmenn stifta nye samfunn i vikingtida, spesielt Island og Færøyane. Det meste av litteraturen på dette språket vart skrive på Island, i ei form vi kallar gammalislandsk. Gammalnorsk bruker vi om det språket som vart nytta i sjølve Noreg, som alt i mellomalderen begynte å kløyve seg i ulike dialektar. Vi har mykje skriftleg også på gammalnorsk, t.d. preikesamlinga Gammalnorsk homiliebok (ca. 1200), Kongsspegelen (ca. 1250) og mange offisielle og private brev, såkalla diplom, frå 1200-talet og særleg 1300-talet.

 

Mellomnorsk (ca. 1350–ca.1525)

Vi reknar med at den gammalnorske perioden varte til siste halvdelen av 1300-talet. Da får Sverige og sidan Danmark ei meir dominerande stilling i Norden, og svensk og dansk språk vinn også terreng i Noreg. Norsk blir skriven i meir oppblanda form enn før, og det grammatiske systemet blir enklare; dette kallar vi gjerne mellomnorsk. Dette stadiet varte til litt etter 1500. I 1536 vart unionen med Danmark knytt heilt fast ved at den katolske kyrkja vart erstatta med ei luthersk statskyrkje. Dansk hadde da lenge dominert som skriftspråk, men no vart det heilt einerådande.

I talemålet skjer det ei parallell utvikling i dansk, svensk og norsk, i retning av ei sterk forenkling av grammatikken og ei endring av ordforrådet, som no tok opp mange tyske lånord. Islandsk og delvis færøysk heldt seg på eit meir konservativt stadium, og frå 1500 må dei reknast som heilt ulike språk som ikkje lenger vart skjøna i Skandinavia.

 

Dansk einaste skriftspråk i Noreg (ca. 1500–ca. 1850)

Frå ca. 1500 og til ca. 1850 var dansk einaste skriftspråk i Noreg. Dette språket var i starten inkonsekvent og varierande, men fekk etter kvart ei stadig fastare form. Bibelen kom på dansk i 1550, og det var gjennom det religiøse språket at nordmennene etter kvart lærte å lese. Eit danskbasert overklassetalemål utvikla seg på 1600- og 1700-talet, rett nok med ein norsk uttale som skifta med landsdelane i munnen på norskfødde embetsmenn m.m.

Ca. 1800 snakka kanskje eit par prosent av folket dette språket, mest embetsmenn, dels òg kjøpmenn og godseigarar, som ofte var av innvandrarslekter (frå særleg Danmark og Tyskland). Resten snakka dialektar, som på den tida hadde utvikla dei grunntrekka dei har hatt i moderne tid, sjølv om ordtilfanget og delvis grammatikken var meir alderdommeleg enn i dag.

I 1814 vart Noreg skilt frå Danmark og i staden bunden i ein lausare union med Sverige. Dansk heldt fram med å vere skriftspråket, og styrkte stillinga si fordi lese- og skriveopplæringa vart betre. Det var såleis sjølvsagt at Grunnlova var på dansk. Men frå 1830-talet av vart det ein diskusjon om ikkje Noreg som ein eigen nasjon burde ha eit eige språk. Dei som meinte det, kom til å dele seg i to retningar.

 

Ivar Aasen og nynorsken

Den eine retninga gjekk inn for å byggje opp eit heilt sjølvstendig norsk skriftspråk på grunnlag av dialektane. Denne retninga vart grunnlagd av Ivar Aasen (1813–1896). Han var bygdegut og dialektbrukar frå Sunnmøre, og kom tidleg til at ei grundig undersøking av dialektane i ulike landsdelar var nødvendig for å skape grunnlag for eit norsk skriftspråk. Med eit offentleg granskingsstipend reiste han rundt i landet i tida 1842–46, gjorde ei jamførande undersøking av grammatikk og ordtilfang i dialektane, og laga ein samanliknande grammatikk over dei i 1848 og ei ordbok i 1850. Han fekk stipend til å granske vidare, og følgde opp med ei lita bok der han samla tekster på ulike dialektar, og føydde til nokre tekster på ei foreslått fellesform for dialektane. Denne norma, som han kalla landsmål, bygde han ut i åra som følgde, både ved å gi ut ein større grammatikk (1864) og ei omfattande ordbok (1873), og ved å skrive dikt og skodespel på det. Alt frå slutten av 1850-åra begynte andre å skrive på landsmål, og ti år etterpå vart det undervist i det på ein folkehøgskole. Landsmålet vart offisielt jamstilt med dansk i 1885, og vart godkjent som undervisningsspråk i barneskolen i 1892 (etter lokal avgjerd). Frå 1890 til 1930 ekspanderte det som skolespråk og allment bruksspråk i fleire landsdelar, men berre på landsbygda. I 1929 fekk språket offisielt namnet nynorsk etter stortingsvedtak.

 

Knud Knudsen og bokmålet

Den andre retninga gjekk ut på å fornorske det danske skriftspråket ved gradvis å blande inn norske ord og ta opp meir strukturelle trekk. Hovudmannen for dette var lektoren Knud Knudsen (1812–1895). Knudsen ønskte også å få godkjent norske uttalar der danske til da hadde vorte sett på som finare. Han ville basere uttalen på det uformelle talemålet til dei høgare klassene. Såleis avgrensa han seg på den eine sida mot dialektane, som var lokale mens overklassemålet var landsdekkjande, og på den andre sida mot den formelle høgtidsuttalen til overklassa, som låg så nær dansk dei greidde å komme. Han ville til dømes ha harde konsonantar i ord som bake, gape og lete, som var vanlege i daglegtalen, mens høgtidstalen og skrifta hadde bage, gabe og lede. I 1887 vedtok regjeringa at leseuttalen i norske skolar skulle vere fonetisk norsk, ikkje minst når det gjaldt desse konsonantane, sjølv der skrifta hadde danske former. I 1893 vart det tillate med norske stavemåtar i slike ord i lesebøker. I 1907 vart dansken i Noreg reformert slik at sentrale norske trekk vart gjorde obligatoriske; i tillegg til dei nemnde harde konsonantane gjaldt det fleirtalsformer som hester for dansk heste og fortidsformer som trodde for dansk troede. Språket vart no kalla riksmål, men i 1929 vart det omdøypt til bokmål av Stortinget.

 

Tilnærmingspolitikk

Etter 1900 vart det eit mål å arbeide for ei tilnærming mellom bokmål og nynorsk med tanke på ei framtidig samansmelting i eit samnorsk skriftspråk. Det kom tre større rettskrivingsreformer med dette målet for auge: i 1917, 1938 og 1959. Da vart former som låg nært dei folkelege talemålsformene på Austlandet, innførte i begge skriftspråka til fortrengsel for vestnorske former i nynorsk og meir overklassebetonte og danskliknande former i bokmål, til dømes diftongsformer som stein og bein for sten og ben i bokmål, før, om og for fyrr, um og so i nynorsk, hokjønnsformer på -a i begge målformene (sola for solen resp. soli). Desse reformene hadde solid fleirtal i Stortinget, med støtte frå alle parti unnateke Høgre, men var kontroversiell i store delar av folket. Både på nynorsksida og på bokmålssida kom det etter krigen opp sterke rørsler som kjempa for dei meir tradisjonelle formene av desse språka. Sterkast av desse rørslene var riksmålsrørsla, som i 1950-åra bygde opp ein eigen bokmålsnormal med det tradisjonelle namnet ”riksmål”, basert på dei mest konservative formene i 1917-rettskrivinga. Samtidig var det stor valfridom i begge dei offisielle målformene, så folk kunne langt på veg tilpasse språkbruken sin etter kva språkpolitikk dei hadde sympati for, ein meir tradisjonell eller ein meir tilnærmingsvennleg.

Det var òg frå 1938 innført eit skilje mellom såkalla hovudformer, som skulle brukast i lærebøker og i statstenesta, og sideformer, som skulle vere tillatne for skoleelevar i skriftlege arbeid og vart markerte med klammer i ordlistene, t.d. i bokmål: gras [gress], og i nynorsk no [nå]. Hovudformene utgjorde til saman ein såkalla læreboknormal i begge målformene, mens rettskriving var namnet på heile systemet av tillatne skriftformer, både hovudformer og sideformer. Hovudmønsteret i bruken var at bokmål i lengda vart dominert av ei meir tradisjonell språkføring, mens nynorskbrukarane aksepterte meir tilnærming – trass i at det her også var mindre grupper som gjekk sterkt inn for ei 1917-inspirert rettskriving. Frå 1960-åra av vart tilnærmingspolitikken gradvis svekt, og ei konsolidering av målformene sette inn. Framleis var det i begge målformene rom for meir radikale og meir tradisjonelle variantar. Eit nytt trekk i biletet var ei sterk oppblomstring av dialektar i tale, samtidig som dialektane gradvis nærma seg kvarandre innanfor dei ulike regionane i landet.

 

Norsk språknemnd og Norsk språkråd – Språkrådet

Offisiell språknormering i Noreg vart utført av Norsk språknemnd frå 1952 og avlastingsorganet Norsk språkråd frå 1972. Språkrådet foreslo i 1979 ei liberalisering i tradisjonell retning i bokmålet, som vart godteken av Stortinget i 1981. Da vart det igjen tillate i offisiell rettskriving å skrive t.d. frem, solen, ben, garnene, mens fram, sola, bein og garna hadde vore obligatoriske sidan 1938. Mange sideformer, som gress, vart jamstilte hovudformer (i dette tilfellet jamstilt med gras). Etter det har konsolideringa av begge målformer halde fram. Frå 1996 arbeidde Norsk språkråd med ei ny reform i begge målformer som tok sikte på ei vidare konsolidering av to normalar med mindre valfridom. I bokmålet foreslo rådet å avskaffe skiljet mellom hovudformer og sideformer, så det til dømes skulle heite (jamstilt) jenta – jenten og hytta – hytten der det før heitte jenta [jenten] og hytta [hytten]. For nynorsk vart eit tilsvarande framlegg diskutert, men rådet konkluderte etter ei offentleg høyring med at skiljet mellom hovudformer og sideformer burde bli ståande, og foreslo i staden ein reduksjon i talet på jamstilte hovudformer. Kultur- og kyrkjedepartementet godkjende i 2005 dei fleste framlegga for bokmål, men nynorskrettskrivinga vart verande som før. Offisiell språkpolitikk i dag er å bevare begge målformene permanent som to ulike skriftformer av norsk.

Norsk språkråd vart omdanna frå 2005 og fekk namnet Språkrådet. Kulturdepartementet godkjende i 2011 ei rettskrivingsreform for nynorsk utan skilje mellom hovudformer og sideformer.

 

Bokmål og nynorsk i dag

Bokmål er fleirtalsmålforma, brukt i skrift av 85–90 % i alle landsdelar, i tale av atskilleg færre pga. den utbreidde dialektbruken. Bokmålet dominerer på dei aller fleste samfunnsområde. Nynorsk blir brukt i skrift av 10–15 %, mest konsentrert om Vestlandet og tilgrensande område. Nynorsk står sterkt innanfor litteraturen, i humanistiske fag, i primærnæringane, og har ei rimeleg sterk stilling i offentleg forvaltning, etermedia og pressa (særleg i ”kjerneområdet” på Vestlandet), i kyrkja, i lokalt næringsliv, og i skolen, der alle som tek vidaregåande utdanning, må lære begge målformer som hovudmål eller sidemål (etter eige val). Nynorsk står veikast innanfor populærkultur, teknologi og økonomi. Det er samtidig dei områda der bokmålet er hardast pressa av engelsk.

 

-- Av Lars S. Vikør, professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo

 

Sist oppdatert 31. juli 2012

 

Rapporten Språkstatus  

 

Hvert år lager Språkrådet en statusrapport med fakta om språksituasjonen i Norge. Les mer om Språkstatus og last ned rapportene her.

Utviklet av Gazette