Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Nynorskkurs

På desse sidene finn du eit kurs i nynorsk som i hovudsak rettar seg mot elevar i den vidaregåande skulen, både dei med nynorsk som hovudmål og som sidemål. 

I øvingsrommet kan du teste deg i nynorsk grammatikk og rettskriving. Her får du detaljert tilbakemelding på kva du bør øve meir på, og du kan velje øvingsoppgåver etter vanskegrad og tidsbruk.

 Foto: Berit Roald / Scanpix
Bli god i nynorsk – steg for steg! Foto: Berit Roald / Scanpix
Du får også enkle og konkrete tips om korleis du kan bli betre i nynorsk, og du kan setje deg inn i fakta om nynorsken i dag. For læraren har vi laga ei lenkjesamling med tips til undervisningsopplegg.

  
 

   

 

Vi vil gjerne høyre kva du tykkjer:

  • Korleis likar du kurset?
  • Er det noko du saknar?
  • Er det noko som kan gjerast betre?

Send tilbakemeldingane til post@sprakradet.no.

Kurset er utarbeidd i tråd med den nye nynorskrettskrivinga som gjeld frå 1. august 2012.

Øvingsrom for offentleg tilsette
Det er ikkje berre skuleelevar som har fått sitt eige øvingsrom i nynorsk grammatikk og rettskriving. Vi har også laga eit øvingsrom som er skreddarsydd for offentleg tilsette. Den nye rettskrivinga er lik for dei to målgruppene, så grammatikken i dei to romma er den same. Det er tekstane i øvingsoppgåvene som er ulike. Også andre enn skulelevar og offentleg tilsette vil ha nytte av kurset og øvingane.


Les meir


Sist oppdatert: 7. september 2012

Utviklet av Gazette