1 Båe/begge
Ein vanleg feil er å blande saman båe og både.
Båe/begge er jamstilte hovudformer: Båe to/begge to blei berga.
Både er konjunksjon: Både eg og du er inviterte.
2 Annan og ingen
Dei ubundne pronomena annan og ingen blir bøygde slik:
| ein annan bil |
ei anna avis |
eit anna hus |
andre bilar |
| ingen bil |
inga avis |
ikkje noko/ inkje hus |
ingen bilar |
3 Nokon
Det ubundne pronomenet nokon/noen har slik bøying:
| nokon/noen bil |
noka/noen avis |
noko/noe hus |
nokre/nokon/ [noen] bilar |
Ein vanleg feil er å skrive "noke" for noko. I fleirtal blir nokon nytta særleg i nektande og spørjande setningar. Døme:
Møtte du nokon turistar på vegen? Ja, nokre få på veg til Straumbua. Eg ville at alle skulle delta, eg ville ikkje ha nokon innvendingar. Men nokre av deltakarane sneik seg unna likevel.
4 Somme
Ein kan også bruke ordet somme i tydinga einskilde:
Møtte du nokon turistar på vegen? Ja, nokre få på veg til Straumbua. Eg ville at alle skulle delta, eg ville ikkje ha nokon innvendingar. Men somme av deltakarane sneik seg unna likevel.
5 Sjølv
Det heiter sjølv (med v) på nynorsk, fleirtal sjølve eller sjølv: De må sjølv(e) ta ansvar for opplegget.
6 Ein
Det ubundne pronomenet ein (ikkje "man") blir brukt på nynorsk i allmenne utsegner:
Ein må vere nøye med å levere sjølvmeldinga innan fristen. Når ein sit ofte og lenge ved datamaskinen, kan ein trenge ein løpetur innimellom.
Ofte kan ein òg skrive om med dei eller folk.
Folk må passe på å levere sjølvmeldinga i tide.
Dei som sit ofte og lenge ved datamaskinen, kan trenge ein løpetur innimellom.
Øvingar: