Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Full samsvarsbøying

Full samsvarsbøying høyrer med til hovudformene i nynorsk.

 

EKSEMPELTEKST

Til Olav!

Gå heim til meg. Hunden er bunden og huset er ope. Gå opp trappa og finn notata frå måndag på skrivebordet mitt. Dei er reinskrivne og leselege, trur eg. Innleiinga er ikkje skriven av meg, men av Jon. Benthe og Kari har lese igjennom utkastet, og elles er innleiinga lesen av Jan Olav og Turid. Spørsmåla til slutt er førebudde av meg. Eg er ganske nøgd med dei. Kan du møte resten av oss i gruppa onsdag klokka 18.00?

Slutten er lite diskutert, og heller ikkje særleg gjennomarbeidd. Tida er forsvunnen, og inspirasjonen er flogen, men ein siste innsats er påkravd. Vi vil jo gjerne at alle delane skal vere gjennomarbeidde og godt formulerte. Vi snakkast!

Helsing Trine

 

Partisippa blir bøygde som adjektiv når dei er plasserte som adjektivet "open" til substantiva, slik døma viser:

hankjønn
-en
hokjønn
-en
inkjekjønn
-e
fleirtal
-ne
ein open bil ei open dør eit ope
hus
opne dører
ein bunden hund ei bunden ku eit bunde dyr bundne hundar
ein skriven stil ei skriven bok eit skrive brev skrivne notat

 

Svake verb får ei litt enklare bøying:

hankjønn hokjønn inkjekjønn fleirtal
ein spissa blyant ei spissa formulering eit spissa øyre spissa situasjonar
ein kjøpt CD ei kjøpt plate eit kjøpt hus kjøpte tilhengjarar
       
ein dømd mann ei dømd kvinne eit dømt framlegg dømde forbrytarar
ein tald pengesum ei tald gruppe eit talt beløp talde kroner

 

Partisippa blir bøygde når dei står etter hjelpeverba å vere, å verte og å bli. Ein bøyer altså slik:

1 Boka blir skriven ferdig innan laurdag.
2 Brevet blei skrive for fort.
3 Notata er dårleg skrivne.
4 CD-en blei kjøpt på sal.
5 CD-ane blei kjøpte i går.

Du kan gå tilbake til eksempelteksten dersom du vil sjå fleire døme.

 

Merk:
Ver merksam på at det er samsvarsbøying av partisippet berre etter vere, verte, bli. Etter hjelpeverbet ha har vi alltid inkjekjønnsforma av partisippet. Døme:
 
        Alle gjestene hadde levert inn snøbretta.
Men: Alle snøbretta blei leverte inn om kvelden.
        Alle gjestene hadde komme tidsnok.
Men: Alle gjestene var komne tidsnok

 

Øving:

 

Utviklet av Gazette