På bokmål bruker vi gjerne ein god del s-genitiv. På nynorsk derimot vel vi ofte andre måtar å uttrykkje eigeforhold, eigenskapar og ulike former for tilknyting på.
Vi skriv difor:
heller huset til naboen enn naboens hus
heller brevet frå trygdekontoret enn trygdekontorets brev
heller ungdommen i bydelen enn bydelens ungdom
heller fasongen på kjolen enn kjolens fasong
heller russestyret enn russens styre
heller verknadene av tiltaka enn tiltakas verknader
I somme tilfelle kan vi også bruke setningar:
den verknaden (som) tiltaka får for tiltakas verknader
Vi bruker gjerne mindre genitiv når vi snakkar enn når vi skriv bokmål. I staden for å tenkje kva du ville ha skrive (på bokmål), kan det vere lurt å tenkje på kva du ville ha sagt. Vi kan oppsummere tre måtar å gjere det på:
1 Bruke preposisjon:
Nettsida til firmaet for firmaets nettside
2 Samanskriving:
Skriftutforminga for skriftens utforming
Skolebiblioteket for skolens bibliotek
3 Omskriving:
Den engelske innsatsen for Englands innsats
Den tilstanden bilen var i for bilens tilstand