Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

s-genitiv

I visse tilfelle er det vanleg og allment akseptert å bruke s-genitiv i skrift på nynorsk:

1 Ved særnamn:
Noregs land, Ibsens skodespel, Idas hus

2 I uttrykk for tid og mål:
eit års arbeid, tre kilometers veg, ei vekes tid

 

sin
I samsvar med talemålet kan ein òg nytte omskriving med pronomenet sin. Konstruksjonar med sin er særleg utbreidd i talemålet langs kysten, men det er også vanleg i skriftspråket:

Mor sin bil, Kari sin sykkel, ordføraren sitt framlegg, andre sine meiningar.

 

Preposisjon
Ofte er bruk av preposisjon det beste:

Heller fargane i fjellet enn fjellet sine fargar
Heller skiheisen i slalåmløypa enn slalåmløypa sin skiheis

Men når ein vil framheve noko, er det greitt med sin:

Det er Georg si bukse, ikkje Hans si.

Desse uttrykksmåtane bør ein helst bruke om personar, dvs. om eigedomsforhold. Formuleringar som bilen sin tilstand og fjellet sine fargar er ikkje dei beste. 

 

hans/hennar
I nokre tilfelle kan ein bruke hans/hennar:

Sykkelen hans Thomas
Bilen hennar Emilie

 

Øving:

 

Utviklet av Gazette