Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Nysgjerrigpers språkpris

Skuleåret 2011/2012 lanserte Språkrådet og Noregs forskingsråd ein eigen språkpris for nysgjerrigperar.

Prisen skal delast ut i den årlege forskingskonkurransen for barn, Årets nysgjerrigper. I Årets nysgjerrigper får barna forske sjølve, og dei konkurrerer om å skrive den beste forskingsrapporten. Dei ti beste prosjekta i landet får Nysgjerrigperpris og ein premie på 5000 kroner – og nytt frå 2012 var ein spesialpris for det beste prosjektet som handlar om språk.

 Foto: Jon Solberg, Noregs forskingsråd
Foto: Jon Solberg, Noregs forskingsråd

Diplom til alle – éin språkpris
Kvart år deltek omkring 2000 elevar i Årets nysgjerrigper. Rundt om i landet spør engasjerte lærarar elevane om kva dei lurer på, slik at dei kan utforske spørsmålet og levere inn ein forskingsrapport til Årets nysgjerrigper. Alle som deltek, får diplom og tilbakemelding frå juryen.

Korleis kan ein skaffe kunnskap om språk?
Jurykriteria for prisen er slik: «Nysgjerrigpers språkpris vert delt ut av Språkrådet. Prisen går til eit prosjekt der eit språkleg emne vert utforska. Emnet må ha tilknyting til norsk språk eller forholdet mellom norsk og andre språk. Vi brukar språket i all slags situasjonar, anten vi les, skriv eller snakkar. Namn på personar og stader, slang og dialektar, språk og teknologi er berre nokre døme på emne som kan utforskast. Utfordringa er å vise korleis ein skaffar kunnskap om språket og bruken av det.»

Språk i alle fag
Med læreplanverket for Kunnskapsløftet blei det innført fem grunnleggjande ferdigheiter som skuleelevane skal utvikle gjennom arbeidet sitt i alle fag. Desse ferdigheitene er å kunne lese, å kunne skrive, å kunne uttrykkje seg munnleg, å kunne rekne og å kunne bruke digitale verktøy.

Arbeid med språk inngår altså i alle fag i skulen, derfor kan ein få språkprisen same kva fag ein arbeider med.

Bli inspirert!
«Kåffår ha Skåbu-dialekta forandra sê?» Dette så 1.–7. klasse ved Skåbu oppvekst i Nord-Fron i Oppland nærare på. Les rapporten frå prosjektet her [pdf].

«Finst det mange kallenamn brukt på personar i bygda vår, og var det meir vanleg med kallenamn på personar før i tida?» Det undersøkte 16 elevar på Bruvik skule. Les rapporten frå Nysgjerrigper-prosjektet deira her [pdf].

«Kvifor er det feil i det nye norskverket vårt? Kor mange feil kan vi finne i løpet av skuleåret?» Det ville sjetteklassen ved Tokke skule finne ut. Les rapporten frå prosjektet her [pdf].

Årets vinnar: Hedemarken friskole
I 2013 gjekk prisen til 5. klasse ved Hedemarken friskole i Løten i Hedmark. Elevane fekk prisen for å ha forska på den lokale dialekten. Les meir om forskingsprosjektet deira her.

Kontaktpersonar
Forskingsrådet: Kate Alice Furøy, kaf@forskningsradet.no, tlf. 22 03 75 55
Språkrådet: Nina Teigland, nina.teigland@sprakradet.no, tlf. 22 54 19 67

Logoar Forskingsrådet og Språkrådet

 

 



Sist oppdatert 5. juni 2013

 

 

 

Språkpris for barn!

 

Språkrådet og Noregs forskingsråd samarbeider om Nysgjerrigpers språkpris. Saman vil vi heve interessa for språk og språkforsking blant deltakarane i konkurransen.

 

Nysgjerrigper-metoden

 

 

 

 

 

 

Les meir om metoden Nysgjerrigper-prosjektet har utvikla på nettsidene til Noregs forskingsråd.

 

Kvifor Per?

 

Kven er denne Per i Nysgjerrigper?

Utviklet av Gazette