Høyring om utfyllande reglar for skrivemåten av kvenske stadnamn og revisjon av dei utfyllande reglane for skrivemåten av norske stadnamn

Språkrådet har sendt ut til allmenn høyring framlegg til utfyllande reglar om skrivemåten av kvenske stadnamn og framlegg til revisjon av dei utfyllande reglane for skrivemåten av norske stadnamn. Framlegga får konsekvensar for tilrådingar og vedtak om skrivemåten av nye adressenamn og andre stadnamn etter lov og forskrift om stadnamn.

Språkrådet kan etter § 15 i forskrift om stadnamn «fastsetje utfyllande språkreglar om korleis norske og kvenske stadnamn skal skrivast». Reglane skal godkjennast av Kulturdepartementet.

Den gjeldande versjonen av dei utfyllande reglane for skrivemåten av norske stadnamn blei vedteken av Språkrådet og godkjend av Kulturdepartementet i 2018.

Alle framlegga til endringar som er skildra i høyringsnotata (sjå lenkjer nedanfor), har vore behandla av fagrådet for stadnamn. Framlegga kan justerast eller endrast etter innspel som kjem inn i høyringa. Vi oppmodar difor alle interesserte til å setje seg inn i framlegga og sende inn høyringsfråsegn dersom dei har synspunkt og innspel som bør vurderast.

Korleis skal høyringsfråsegnene utformast?

Vi oppmodar høyringsinstansane til å formulere seg klart og kortfatta om framlegg til justeringar eller avvising av dei endringane som er føreslåtte. Alle som ønskjer det, kan sende inn høyringsfråsegn. Fråsegnene er offentlege etter offentleglova.

Korleis sender ein inn høyringsfråsegn?

Høyringsfråsegner skal sendast på e-post til post@sprakradet.no seinast 1. desember 2023 (merk: fristen er forlengd). Dei endelege versjonane av reglane skal publiserast på nettsidene til Språkrådet, saman med eventuell anna rettleiing til stadnamnforskrifta.

Språkrådet ønskjer merknader til punkta i framlegget, både til reglane og til framstillinga. Ta kontakt med seniorrådgivar Pål Kristian Eriksen (kvenske reglar), Ellen Hellebostad Toft (norske reglar) eller seksjonssjef Daniel Gusfre Ims (telefon 95 76 51 52) dersom det er spørsmål til høyringa.

Dokument

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:23.08.2023 | Oppdatert:21.12.2023