Klarsignal for å setja i gang nynorskrevisjon
(22.9.09) Kulturdepartementet ber Språkrådet no setja i gang arbeidet med ein gjennomgang av nynorskrettskrivinga.
Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.
I eit brev datert 17.9. skriv departementet at Språkrådet bør «kunna setja i gang arbeidet med ein gjennomgang av nynorsknorma slik styret tidlegare har vedteke og med grunnlag i drøftinga og vurderingane i språkmeldinga» (St.meld. 35 (2007–2008) Mål og meining – Ein heilskapleg norsk språkpolitikk).
Oppdatering 10.11.09: På styremøta i november og desember vil styret i Språkrådet vedta ein tidsplan for arbeidet og peika ut ei rettskrivingsnemnd som skal koma med framlegg om justering av gjeldande nynorsknorm.
- Les brevet frå Kulturdepartementet her.
- Sjå òg nyheitsmeldinga «Rettskrivingsnemnd vert peika ut 16. desember.»
Kontaktperson:
Sylfest Lomheim, direktør i Språkrådet, tlf. 957 92 783