Nynorskkurs for statstilsette 4. og 5. mars
(8.2.13) Direktoratet for forvaltning og IKT skipar 4. og 5. mars til eit todagarskurs i nynorsk for statstilsette, «Nynorsk i arbeidet», med kurshaldarar frå Språkrådet.
Føremålet med kurset er å gjere deltakarane betre i stand til å bruke nynorsk som arbeidsspråk.
Deltakarane skal styrkje nynorskkompetansen sin for at dei skal
- bli meir fortrulege med nynorsk språkføring og ordval
- kunne nytte nynorsk meir effektivt i arbeidet
- få større glede av å nytte nynorsk
Kurset blir halde i Oslo og er gratis for deltakarane. Påmeldingsfristen er 21. februar.