Tiltak for å styrkje statusen til norsk teiknspråk
(8.5.13) Norges Døveforbund, Språkrådet og Kunnskapsdepartementet har etablert eit samarbeid om fire tiltak som skal bidra til å gje norsk teiknspråk høgare status i grunnopplæringa.
Dei fire tiltaka er
- tre pilotprosjekt knytte til teiknspråk i opplæringa
- rammeverk for munnlege ferdigheiter i teiknspråk
- støtte til vidareutdanning innan norsk teiknspråk for lærarar
- styrking av Norsk tegnordbok
Tiltaka vil bidra til å gjere norsk teiknspråk betre kjent og meir tilgjengeleg, til beste for teiknspråkbrukarane sjølv og oss alle, meiner Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet.